Ørsta Inner Wheel Klubb

Ørsta Inner Wheel Klubb

* Charterdag: 10.okt. 1956
Møtedag: Første onsdag i mnd. kl. 19.30
Møtestad: Bakk-Ola-marka
Fadder:  Bergen IW
Medlemstal: 28

Styret 2016-2017

  • President  Berit Hatlestad
  • Visepresident Eli Berit Strande
  • Past president Ragnhild Høydalsvik
  • Sekretær Solrun Vadstein Sætre
  • Kasserar Kjellfrid Osdal
  • ISO  Eli Øvstegård Lannerholm
  • Styremedlem Turid Karlsbakk

PROGRAM 2016-17:

* 07.09.2016: Medlemsmøte.. Vertinner: Styret

 * 25..09.2016: Inter Citymøte Ulstein IW. Quality Hotell kl. 13.00 Pris kr.300

 * 02.10.2016: 60års-jubileum i Loen!!

 * 01.11.2016: Medlemsmøte med oppstart på Kaihuset. Vertinner: Aase Margrete og Sigrid, 3 minutt: Eldbjørg

 * 13.12.2016(tysdag)- Rekkedal Gjestehus  Adventsmøte saman med Ørsta Rotary

 * 10.01.2016: Den internasjonale IW-dagen

*  11.01.2016: Medlemsmøte i lag med Volda IW.(Ørsta), Bakkola-marka 3-minutt: Volda

 * 01.02.2016: Årsmøte med val av nytt styre . Vertinner: Eva og Jenny, 3minutt: Åshild

*  04.03 – 05.03.2016: Distriktsårsmøte i Ålesund

 * 21.03.2016: Eldrefest ,samarbeid med Ørsta Rotaryklubb.

* 05.04.2016: Medlemsmøte. Vertinner: Norunn og Kristin, 3-minutt: Kirsti

 * 03.05.2016: Utflukt til Herøy Gard. 3-minutt: Eldrid

 * 13.06.2016 (tysdag) Sommarfest saman med Rotary, kl. 19.00 Vertinner: Styret, 3-minutt: Ingunn

Dersom du er forhindra i å kome på møte, hugs å melde frå til vertinnene!

 GODT INNER WHEEL-ÅR!

**********************************************************

Sommarfest på Rjåneset 13.06.17

Trass i ikkje det heilt gode sommarveret møttest vi ca 40 personar, av dei 19 IW-medlemmer til fest saman med Rotary.Vi hadde fått med oss leiar i besøkstenesta, Jostein Vatne, og han fortalde i ord og bilete om aktivitetar dei har saman med pensjonærane i kommunen. Det er ei stor avveksling og kjekt for dei gamle, men også til stor inspirasjon og glede for dei som er med i besøkstenesta.Elles hadde vi glede av å gratulere den andre spreke 90-åringen i dette IW-året: Ragna Riise. Ho er mellom anna aktiv innan besøkstenesta og er med i ei gruppe som jamleg besøkjer aldersheimen på Sæbø og gleder pensjonærane med song og musikk. Vi hadde også invitert Eli Sporstøl frå besøkstenesta, og saman med medlemmer frå IW og Rotary fekk vi musikalsk underhaldning i form av gamle slagarar akkompagnert av Ragna på gitar.

Tradisjonen tru hadde vi også i år eit mangfaldig kake- og smørbrødbord, og åresal. Inntekta av åresalet går kvart år til hjartebarnet «Svalene», og i år fekk vi inn i overkant av 7000 kr! Ingunn Natvik hadde 3-minutt, og ho hadde henta fram ord som etter kvart har gått i gløymeboka i språket vårt, og nye ord som har kome til. Interessant å få sett litt i perspektiv korleis språket nesten umerkeleg endrar seg. Vi avslutta ein koseleg kveld med markering av skifte av styret, og Eli-Berit Strande overtok presidentkjedet etter Berit Hatlestad.

Medlemsmøte 05.04.17

22 medlemmer møtte fram til denne kvelden, då vi hadde fått redaktør Rune Sæbønes til å kome og fortelje frå seglturen over Atlanterhavet for 2 år sidan. Men først opna president Berit Hatlestad med Bjørnson sitt dikt «Jeg velger meg april».

Rune Sæbønes var invitert til å følgje tidlegare journalist Kjell-Arne Steinsvik og Kristine Nygård på ein del av deira planlagde jordomsegling som skulle vare i 3 år. Ein annan som også var med frå Europa til Amerika, var Sindre Welle.

Det er vanskeleg å referere frå dette, Sæbønes synte bilete og knytte det opp mot opplevingar dei hadde undervegs. Ein kjende nok på sjøsjuka nokon kvar då han fortalde om sjø med opp til 8m høge bølgjer, og då dei ut frå den amerikanske kysten kom opp i storm, og der etterdønningane var mykje verre enn forventa, og dei fekk sundrivne segl, han sjølv nesten skylt over bord, og dei måtte bruke drivanker til uveret roa seg. Konklusjonen til Sæbønes etter turen var at ein får oppleve heilt andre sider ved å segle til eksotiske stader enn det ein får ved å reise på chartertur, mellom anna ved at ein får sjå og møte lokalbefolkninga i deira kvardag. Det er ei oppleving som aldri kan viskast ut.

Etter matpausen hadde Gerd Helen Masdal, frå Sonjakomiteen, eit innlegg om arbeidet. Sonja Wisnes var ei dame som la svært mykje arbeid og engasjement i å samle inn midlar til sjukehuset i Volda. Ein reknar med at komiteen har samla inn så mykje som 1.2mill til utstyr, mellom anna dialyseapparat, og elles småting som kjem pasientar og pårørande til gode. No har dei starta med kronerulling for å få kjøpt inn gode stolar frå Fora Form. Klubben vår gav ein sjekk på 7.500 til komiteen, prisen på ein stol.

Vi hadde påmelding til mai-utflukt 3.mai: til Herøy gard og avslutning med fiskesuppe på restaurant Fosnavåg Brygge.

ISO Eli Lannerholm las rapport frå Svalene, og ho uttrykte klart at ho er veldig glad for at vi følgjer opp dette prosjektet. Vidare las ho brev frå venskapsklubben i Ljungby. Deretter var det avstemning på nytt landsprosjekt, der kvart medlem skal avgi si stemme til. Det står om dei 4 alternative prosjekta i IW-nytt.

Vi fekk vite at neste Convention skal vere i Australia, og landstreffet i år skal vere i Stavern 1.-3.september.

Berit refererte frå årsmøtet, og vi har fått ein ny representant i distriktsstyret, ved at Jenny har tatt på seg eit år som distriktskasserar. Flott, Jenny!. Elles kunne ho opplyse at IC-møtet til hausten skal arrangerast av Volda IW 21.oktober.

 

Medlemsmøte /årsmøte 01.02.17

Vi var 21 medlemmer til stade på møtet, mellom anna eit tildlegare medlem som starta opp att. Vi hadde ikkje hovudpost på møte, då vi hadde ein del årsmøtesaker.

Som vanleg opna president Berit Hatlestad med eit dikt for kvelden, før vi gjekk gjennom sakene.

Vi starta med val av nytt styre for året 2017-18:

President:                 Eli Berit Strande

Past president:         Berit Hatlestad

Vise president:         Solrun Sætre

Sekretær:                  Kristin Bergmann

Kasserar:                   Ragnhild Høydalsvik

ISO:                            Turid Karlsbakk

Styremedlem:           Eva Kolås

Klubben har for tida god økonomi, og det har vore diskutert om vi ikkje burde støtte nokre prosjekt. Styret hadde sett opp nokre forslag, og etter avstemming vart det bestemt å gi følgjande summar:

Safe Motherhood Ambassadors – kr. 5000,-

Mariposaprosjektet – kr.5000,-

Volda/Ørsta Ballettskule – kr.2.500,-

Stol til sjukehuset («Sonja-prosjektet») – dette vil vi støtte (kr.7.500,-), men vi vil ha meir informasjon, og kanskje sørge for litt blest i media.

I tillegg har vi betalt kr.4000,- til drifta av Kaihuset

Vi hadde fått førespurnad om å vere med på å betale for ein sykkel til Bakkola-marka, men dette vart nedstemt.

ISO Eli Lannerholm las først brev frå venskapsklubbane Ljungby (Sverige) og Stege (Danmark),og refererte frå ISO/DISO-treffet som fann stad 28.januar, der ingen frå vår klubb deltok. Mellom anna hadde det vore oppe val av nytt nasjonalt prosjekt, og fleire klubbar i D27 hadde uttrykt ynskje om at vi skal halde fram med å støtte Safe Motherhood Ambassadors. Ho minte om at alle klubbar burde ha heimeside.

Åshild Taklo hadde 3minutt, som ho nytta til å fortelje om kontakt og samvær med dei 7 borneborna sine, i alder 2-24år. Ho siterte mellom anna nokre gullkorn som fekk latteren fram hos oss alle.

President Berit Hatlestad minte om pensjonistfesten 21.mars, at alle stiller med kake og kaffikanne, og gjerne gevinst. Vidare minte ho om aprilmøtet. Der må vi ha påmelding, sidan vi skal ha møtet i storesalen på Bakkola-marka, og tinge smørbrød.

Ho avslutta kvelden med ei helsing frå D-president Mette Willoughby.

 

 

Medlemsmøte 11.01.17 saman med Volda IW

Fantastisk frammøte til den internasjonale IW-dagen på Bakkola-marka, dagen derpå, ikkje minst på grunn av at Volda hadde med seg ikkje mindre enn 11 observatørar! Totalt var vi ein gjeng på ca 60 medlemmer. Etter lysseremonien kunne Ørsta IW glede seg over å ta opp eit nytt medlem, Møyfrid Vadstein.

Vi hadde besøk av distriktspresident Mette Willoughby, og ho hadde hovudposten denne kvelden, som ho mellom anna nytta til å vidaresende helsing og oppmodingar frå IIW-president Oluyemisi Alatise, og minte om mottoet ho har valt for dette året: «Touch a Heart». Vidare minte ho oss om å bruke nettsida til IW Norge, og om kodeordet om ein ville laste ned skjema ol: bergen. Ikkje uventa avslutta DP Mette med ein song, sjølvkomponert over emnet IW si historie.

Volda IW serverte eit innslag som verkeleg fenga: Ei gruppe på 6 medlemmer har, i samarbeid med Læringssenteret i Volda, sett i gang eit prosjekt inn mot å styrke integrering av nykomne flykningar ved å gi dei opplæring i våre tradisjonar og fokus på å lære dei norsk, noko som er inngangsporten til å bli integrert og til å få delta i samfunnet. For å kunne hjelpe ungane sine med skulearbeid, må dei vaksne vite litt om det norske skulesystemet, og ikkje minst, kunne forstå norsk språk.

Kirsti Garnes brukte 3minutt på refleksjon rundt tid – den som kjem og som vi ikkje veit korleis blir, og ikkje kor mykje vi har att av vår tilmålte del av tida . Det er godt å ha etterkomarar som skal overta, men samstundes vemodig at ein dag er tida vår brukt opp.

Loddsalet hadde vi i Ørsta bestemt skulle gå til «Svalene», eit prosjekt som er med og finansierer ein yrkesskule for jenter i Lima, og som klubben vår har vore med og støtta sidan oppstarten i 1964. Vi fekk inn over 5000 kr!

Det vart ein svært triveleg kveld og god stemning rundt borda innimellom innslaga, og eit lovande signal for at Volda-klubben skal få halde på alle observatørane.

Medlemsmøte 2.november 2016

21 medlemmer møtte fram på Kaihuset, der Hans Robert Bondhus gav oss eit innblikk i aktivitetane der. Kaihuset er ein stad for ungdommar mellom 13 og 18 år, der rus og mobbing har nulltoleranse. Dei har ope 2-3 kveldar i veka, og i snitt er nærare 70 ungdommar innom, ikkje berre frå sentrum, men mange kjem med buss/ foreldreskyss frå utkantane. Og at det er eit godt tilbod syner seg ved at dei kjem igjen, og at dei er ivrige etter å få vere med på dugnadsarbeid for at tilbodet skal kunne halde fram. Det baserer seg mykje på dugnad, og årsbudsjettet gir ikkje rom for så mykje oppdatering av utstyr mm. Ungdommane sjølve deltek etter tur med sal av kioskmat og tek del i rydding og anna. Hans Robert er ein av 3 deltidstilsette, og han synest det er fantastisk å få vere saman med ungdommane. Dei er fortrulege om ting, og han meiner at det kjennest litt trygt å kunne opne seg for han med problem, han er korkje forelder eller lærar, og har tausheitsplikt om det som blir fortalt han. Av aktivitetar står musikk som ein populær aktivitet, og dei har eige musikkrom med utstyr for band, og dei har scene, slik at dei får spele for publikum. Elles har dei ma biljardbord, ei gåve frå ein privatperson og datarom, med 4 stasjonære PCar. Kjøkkenet er ganske velutstyrt, og her vert det laga og servert alt frå pizza til hamburgarar. Det er ikkje inngangsbillett til desse kveldane, og det er så å seie ingen inntekt på kiosksalet.

Loddsalet seinare på kvelden hadde vi bestemt skulle gå til Kaihuset.

Så forflytta vi oss til møtelokalet, der det var ferdig pådekt, og det smakte godt med kaffi og ferske rundstykke.

Før president Berit Hatlestad la fram klubbsakene, fekk vi gratulere den utruleg spreke 90-åringen Eldrid Ose, som fylte år tidlegare i veka. Ho fekk ein orkidè frå klubben.

Presidenten las brevet frå distriktspresidenten og helsingane til klubben i høve jubileet 10.oktober. Så fekk Kari Juel Rogne ordet. Ho hadde laga eit interessant historisk tilbakeblikk om klubben. Det er vanskeleg å referere det utan å kome i skade for å utelate noko som er viktig, så Kari vil lage eit samandrag som vil bli sendt ut og lagt på heimesida seinare.

ISO fortalte om prosjekta vi støttar og at det vil bli satsa på eit nytt nasjonalt prosjekt. I samband med at vi i klubben er samde om å gå bort frå rosesal til narkotikahundar, hadde vi i styret ein runde om ulike lokale prosjekt vi ynskjer å støtte, som også kan vere med å gjere oss «synlege»:

* Mariposaprosjektet i Bolivia, som stort sett er drive av utflytta ørstingar (centromariposa.no)

* Vere pådrivarar for opplæring/ informasjon om hjartestansarar som er plasserte på ulike stader i kommunen

* Støtte til drifta av Kaihuset

Dette er sak som vil bli tatt opp på årsmøtet i februar. Uansett må ikkje dette gå inn som eit alternativ for støtte til Svalene, som har vore klubben sitt hjartebarn sidan oppstarten av skulen i Peru i 64/65.

Vi hadde påmelding til felles julemøte på Rekkedal saman med Ørsta Rotary, og til fellesmøtet med Volda i januar, der vi mellom anna får distriktspresidenten saman med oss.

Elles oppmoda presidenten alle om å melde seg på til distriktsårsmøtet 5./6.mars.

Eldbjørg Lefdal hadde 3minutt, og ho tok oss med til krigsåra på Evje, der ho vaks opp, og fekk krigen veldig nært innpå seg alt som 7-åring. Det var harde kår, mora vart enkje med 2 små, og berga seg gjennom med det garden gav, og frivillig hjelp i onnene av slektningar.

Vi avslutta kvelden med songen «Høyt over fjellet», flott akkompagnert av president Berit på piano.

Solrun Sætre – sekretær

 

 

ØRSTA IW FEIRER 60 ÅR 10.OKTOBER!

orsta-iw-feirar-seg-i-loen

2. oktober reiste 20 medlemmer frå klubben vår for å feire 60 med IW i Ørsta! Vi starta med lysseremoni og president Berit Hatlestad gav oss eit historisk tilbakeblikk om klubben og organisasjonen IW.

Elles feira vi det med felles lunsj og koseleg samvær i strålande haustver.

 

Medlemsmøte 7.september

Det var godt frammøte på første møtet vårt dette IW-året, 21 medlemmer og 1 observatør.
President Berit Hatlestad opna møtet med ei helsing og takk frå døtrene til Ingrid Hovden. Deretter las ho eit dikt av Henrik Straumsheim, og vi song «Venskapsvise» før Anne-Lise Masdal frå Mo Trafikkskule fekk ordet. Det vart ei interessant og lærerik økt. Vi hadde mange spørsmål, og Anne-Lise svarte på alle. Tenk så mykje vi har trudd vi visste og som ikkje stemte i det heile – alt frå reglar i rundkøyringar til vikeplikter for vegar i lokalmiljøet som vi trygt har meint var forkjørsveg.
Under matøkta sende Berit rundt påmeldingsskjema til IC-møtet i Ulsteinvik og til jubileumslunsjen vi har planlagt i Loen:
  • IC-møte: 25.september- vi møtest til samkøyring v/ Frikyrkja kl. 12.00 (bindande påmelding til Berit: Før 16.09)
  • Jubileumslunsj 2.oktober: Vi møtest til samkøyring v/Frikyrkja kl. 11.00
Kasserar Kjellfrid Osdal gjennomgjekk rekneskapen for førre år, og einaste kommentar var om vi skal sitte med så stor sum på bok, og vi vart oppmoda om å tenke kreativt på aktuelle lokale prosjekt vi kan støtte.
ISO Eli Lannerholm hadde ein god og grundig gjennomgang om prosjekta våre, til glede ikkje minst for dei «ferskaste» i laget. Vidare las ho rapport frå «Svalene» og brev frå DISO.
Vi avslutta eit triveleg møte med songen «Din tanke er fri».

********************************************************************************************************************************************************************************************************

A R K I V

Årsrapport 
Vi har hatt 3 styremøte og 8 medlemsmøte i tillegg til julemøtet, der Ørsta Rotary hadde regien, og fellesmøte med Volda IW, der Volda IW var arrangør . Eg deltok og leidde IC-møtet i september, som klubben arrangerte på Ramoen.
Medlemsmøte 2.september
President Ragnhild Høydalsvik leidde møtet, og kunne ynskje velkomen til ma 3 nye observatørar.
Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene.
Turid Karlsbakk hadde hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. Tiltaket har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no
Medlemsmøte 7.oktober
Sidan underskrivne var hindra i å stille på møtet, stilte Norunn Brekke som referent.
Hovudposten denne kvelden hadde Rotarypresidenten, Steinar Hatlestad, og han fortalde om nokre av deira prosjekt:
”Ungdomsleiren”, sommarleir for ungdommar frå heile verda arrangert av Rotary.. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear. Steinar Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og  Polioprosjektet i Nigeria (for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) Medlemsmøte 4.november
17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, orienterte Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, om organiseringa innan helsesektoren i kommunen
Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.
Julemøte 15.desember
Tradisjonen tru samla mange rotary- og innerwheelvener seg på Rekkedal til ein festleg førjulskveld, med andakt, julesong, god mat, og god prat rundt borda. Dette året var vi rundt 50, av dei var 15 medlemmer frå Ørsta IW.
Fellesmøte med Volda IW 6.januar
Volda IW stod for programmet denne kvelden. Hovudposten stod ein flyktning frå Syria for. Han fortalde om den farefulle reisa for å kome seg unna krigen, til han kom til Noreg, og om korleis han hadde blitt motteken i Volda.
Medlemsmøte / Årsmøte 3 .februar
Vi 21 medlemmer til stade på dette møtet, som starta høgtidleg, med lysseremoni og opptak av 3 nye medlemmer: Aase Margrete Leite, Eva Kolås og Kristin Bergmann! Sidan Ragnhild var på ferie, stilte Eli sporty som møteleiar.
  • Val av nytt styre:
    • President: Berit Hatlestad
    • Innkomande president: Eli Berit Strande
    • ISO: Eli Lannerholm (Norunn Brekke går ut)
    • Kasserar: Kjellfrid Osdal
    • Sekretær: Solrun Vadstein Sætre
    • Styremedlem: Turid Karlsbakk (ny i styret) –
Marit tok på seg oppgåva som revisor også for komande år.
  • Saker frå styremøtet:
  • Det var stort fleirtal for at vi skal avvikle rosesalet, og det var stor stemning for at vi skal satse på å støtte lokale føretak, og profilere oss gjennom å invitere media når vi overleverer gåver mm.
Dette var det lita stemning for å finne ny møtestad i klubben, så vi avventar, og tek det heller om vi får så mange medlemmer at plassen vert for liten.
Korleis markere 60-årsjubileet: Det var stemning for at vi satsar på ei lita feiring
Medlemsmøte 6.april
Vi skulle starte kvelden med omvising på Kai-huset, og 17 medlemmer møtte fram. Men då ingen omvisar dukka opp, flytta vi oss til møtelokalet og heldt heile møtet der.
Av sakene vi diskuterte, var markeringa av 60-årsjubileet vårt. Vi vart samde om å feire
oss sjølve med søndagsbufè på Alexandra i Loen, og etter avstemning vart vi samde om datoen : Søndag 2.oktober
Medlemsmøte/ vårtur 4.mai – til Årsetøya
17 IW-medlemmer og 1 observatør var klare kl. 17.00 på oppsamlingsplassen for å skyssast til vårtur i Austefjorden.Vi starta med museumsbesøk på Førde skule, der to entusiastiske omvisararviste oss noko av dei utrulege arbeida som dei to ungkarane på Årsetøya, Andreas og Knut Årsetøy, har lagt att etter seg. Etterpå vart vi skyssa frå campingplassen på Aurstad til Årsetøya, av Helge Ryste, ektemannen til Signy, som er niesa til dei to ungkarane, og arving til øya.Vi fekk omvising, både ute og inne, og ekteparet Ryste har lagt ned utruleg mykje arbeid for å restaurere og halde ved like husa der ute, og i tillegg vedlikehald av uteområdet.
Det var rigga til,eit partytelt utanfor hovudbygningen, og her fekk vi servert kaffi, sveler og fantastiske kaker som Signy hadde stelt i stand.
Tida gjekk fort, men, ei fantastisk munter og god stemning til tross, ein gong måtte vi bryte opp og takke for oss etter ein utruleg minnerik vårtur.
Sommarfest på Rjåneset 07.06.16
Trass i stort mannefall av medlemmer, 13+ 1 observatør, vart det ein triveleg kveld på Rjåneset med Ørsta Rotary som gjester. Dei stilte med 20 medlemmer.
Hovudposten hadde vår kultursjef, Jostein O. Mo, og han fortalde om hobbyen sin som samlar.
Trass i at det var færre frammøtte enn vanleg denne kvelden, fekk vi inn ca. kr. 5000,- på årsesalet, og dei er øyremerka prosjektet Svalene
Vi avslutta kvelden med å kjedeoverrekking, takke av dei som gjekk ut av styret/ gjekk inn i anna verv, og ynskte velkomen til nytt styremedlem.
Juni 2016- Solrun Sætre – sekretær

Sommarfest på Rjåneset 07.06.16

Trass i stort mannefall av medlemmer, 13+ 1 observatør, vart det ein triveleg kveld på Rjåneset med Ørsta Rotary som gjester. Dei stilte med 20 medlemmer.

Eli-Berit Strande starta møtet med å lese dikt av Straumsheim og Bjarne Rabben, akkompagnert av Berit Hatlestad på piano («The rose» av Amanda McBroom og «I have a dream» av Benny Andersson/Bjørn Ulvaeus.. Deretter ynskte president Ragnhild Høydalsvik oss velkomne, og vi hadde 1 minutts stille for å minnast Ingrid Hovden, som gjekk bort 19.mai.

Jostein O Moe, ein mangesidig kulturperson og kultursjef i bygda, hadde denne kvelden hovudposten med temaet å vere samlar. Han sjølv starta som samlar av postkort, og sidan har det vorte utruleg mange ulike typar ting han samlar på. Å vere samlar er sosialt og ikkje avhengig av om du er rik eller fattig, og det fører til at du vert kjend med utruleg mange. Han har hatt fleire samlarutstillingar på Kulturhuset, og avslutta med å utfordre publikum til Samlarfestival i Ørsta, det ville i så fall bli det første i sitt slag

Så var det matøkt, åresal og triveleg prat rundt borda. Trass i at det var færre frammøtte enn vanleg, fekk vi inn ca. kr. 5000,-, og dei er øyremerka prosjektet Svalene

Eli Halsen hadde 3 minutt, og ho las ei ei sann forteljing om ein lokal kjendis, som fekk makrellstørje på kroken, som resulterte i ein uønska tur ut fjorden, og dikt av ein like lokal forfattar, Solveig Halse Myrold.

I ISO Norunn Brekke sitt fråvær bar Solrun Sætre fram ei helsing frå Grete Eriksen, som avsluttar i vervet som RISO til sommaren. Ho hadde følt seg veldig velkomen i D27. Eli Lannerholm las brev frå venskapsklubben i Ljungby.

Deretter var det presentasjon av det gamle og det nye styret og overrekking av kjedet til påtroppande president Berit Hatlestad.

Presidenten for Ørsta Rotary, Steinar Hatlestad, takka for invitasjonen, på vegne av klubben. Steinar skal halde fram som president i eitt år til, så då vert presidentverva innan familien!

Solrun Sætre – sekretær

Medlemsmøte – vårtur 4.mai 2016

17 IW-medlemmer og 1 observatør var klare kl. 17.00 på oppsamlingsplassen for å skyssast til vårtur i Austefjorden.

Vi starta med museumsbesøk på Førde skule, der to entusiastiske omvisarar, ma Oddvar Høydalsvik, viste oss noko av dei utrulege arbeida som dei to ungkarane på Årsetøya, Andreas og Knut Årsetøy, har lagt att etter seg. Utan profesjonelle reiskapar har dei greidd å forme små, detaljerte figurar og ulike typar båtar, og måleri frå alle setrane i Austefjorden. Eit besøk i museet er absolutt å oppmode til! Oddvar Høydalsvik lova at det var berre å ta kontakt med han, så ville han ordne eit besøk.

Etterpå vart vi skyssa frå campingplassen på Aurstad til Årsetøya, av Helge Ryste, ektemannen til Signy, som er niesa til dei to ungkarane, og arving til øya.Vi fekk omvising, både ute og inne, og ekteparet Ryste har lagt ned utruleg mykje arbeid for å restaurere og halde ved like husa der ute, og i tillegg vedlikehald av uteområdet.Det var rigga til,eit partytelt utanfor hovudbygningen, og her fekk vi servert kaffi, sveler og fantastiske kaker som Signy hadde stelt i stand.

20160504_192330_resized

President Ragnhild Høydalsvik las månadsbrevet frå D-presidenten, og Sigrun Myklebust hadde 3-minutt, der ho fortalde om ein tidlegare utvekslingsstudent, som familien har følgt i ettertid.

Tida gjekk fort, men, ei fantastisk munter og god stemning til tross, ein gong måtte vi bryte opp og takke for oss etter ein utruleg minnerik vårtur.

(For dei som ynskjer å sjå bilete frå turen, har Ragnhild lagt ut mange gode bilete på FB.)

Solrun Sætre- -sekretær-

Medlemsmøte 6.april 2016

17 IW-medlemmer møtte på Kaihuset for å få omvising og informasjon om aktivitetane her. Etter 20 minutts venting var det klart at det ikkje kom nokon for å vise oss rundt, så litt skuffa reiste vi opp til Bakk-Olamarka og heldt fram med møtet der. Her venta det oss dekte bord, god mat og nytrekt kaffi som vertinnene Marit Aasen og Turid Karlsbakk hadde stelt i stand.

President Ragnhild Høydalsvik las månadsbrevet frå D-presidenten, som mellom anna minte oss om å halde fokus på handlingsplanen. D-sekretær hadde også sendt ei påminning om at vi må ta vare på medlemsbøkene, dei neste to åra vil dei berre kome utan lover og rettleiingar. Desse er lagt ut på IW si heimeside, så vi finn dei der.

Berit Hatlestad hadde eit fyldig referat frå årsmøte-helga i Ålesund, eit årsmøte utan dei store sakene. Årsmøtet gjekk mellom anna inn for ein auke kontingenten til Rådet på 50kr, innbetalingane vert redusert med at talet på medlemmer går ned. Så ein slit med å halde budsjettet i balanse. Ho refererte også om turen RISO Grete Eriksen hadde til Etiopia i oktober, for å sjå resultat og arbeidet med prosjekt vi er med på.

Eli Lannerholm refererte frå det siste bladet frå Svalene. Etter ein periode i haust då dei sleit hardt økonomisk grunna dollarkursen, kunne dei no gå framtida litt lysare i møte, på grunn av auka midlar givarane. Mellom anna hadde ein givar gitt dei ein arv som gav økonomien eit skikkeleg løft. På møtet var vi samde om at dette er eit prosjekt vi er glade for å vere med å støtte.

Det vart sendt ut påmelding til turen til Årset-øya 4.mai. Men sidan det var ein del av medlemmene som ikkje var til stade, må desse ev. melde seg på til Ragnhild snarast, og innan søndag 10.april!

Vi køyrer med privatbilar, frå parkeringsplassen ved Frikyrkja kl. 17.00

Vi reiser først til Førde og besøker museet der, så reiser vi til campingplassen på Aurstad, der vi får båtskyss ut til øya. Servering vert ordna av vertskapet der ute

Prisen vert totalt kr. 250. I tillegg vart det bestemt at dei som får skyss, betaler 50 kr. til sjåfør.

Vidare orienterte styret om 60års-jubileet vårt til hausten:

Vi foreslo at vi feirar oss sjølve med søndagsbufè på Alexandra i Loen. Dette vart positivt mottatt på møtet, og etter avstemning vart vi samde om datoen : Søndag 2.oktober. Sjølv om charterdagen er 10.oktober, var vi samde om at det er så nær at vi kan gjerne feire den på forskot.

Påminning om møtet på Rjåneset 7.juni kl. 19.00. Minner om at alle må ha med mat og kaffi som tidlegare, kopp og fat, og ein gevinst til lotteriet. Hovudinnlegget vert ved Jostein Mo, der han vil fortelje om samlehobbyen sin.

Ingrid Hovden er på rehabilitering på Ørstaheimen etter ei fallulukke for ei tid sidan. Ho blir verande der ei god stund, og fredag vil Ragnhild Høydalsvik og Eli Lannerholm besøke henne, og ha med blomsterhelsing frå klubben.

Ann-Mari Øyehaug avslutta ein triveleg kveld med 3minutt, der ho delte med oss barndomsminner frå tida som sætrejente i Romedalen frå ho var 7år. Før vi braut opp og presidenten takka for møtet, song vi «Å Vestland, Vestland».

Solrun – sekretær

**********************************************************************

Referat frå medlemsmøte 3.FEBRUAR

Vi 21 medlemmer til stade på dette møtet, som starta høgtidleg, med lysseremoni og opptak av 3 nye medlemmer. Velkomne i klubben alle 3:Aase Margrete Leite, Eva Kolås og Kristin Bergmann! Sidan Ragnhild var på ferie, stilte Eli sporty som møteleiar.

Det meste av program var årsmøtet:

  • Val av nytt styre:
    • President: Berit Hatlestad
    • Innkomande president: Eli Berit Strande
    • ISO: Eli Lannerholm
    • Kasserar: Kjellfrid Osdal
    • Sekretær: Solrun Vadstein Sætre
    • Styremedlem: Turid Karlsbakk

Marit tok på seg oppgåva som revisor også for komande år.

  • Saker frå styremøtet:
    • Rosesal: Det var stort fleirtal for at vi skal avvikle rosesalet, og det var stor stemning for at vi skal satse på å støtte lokale føretak. Profilere oss gjennom å invitere media når vi overleverer gåver mm.
    • Ny møtestad? Dette var det liten stemning for i klubben, så vi avventar, og tek det heller om vi får så mange medlemmer at plassen vert for liten.
    • Korleis markere 60-årsjubileet: Det var stemning for at vi satsar på ei lita feiring, med oss sjølve og Rotary/ ektefelle/partner.
    • Etter årsmøtet la Eli fram plan for møta til våren:
  • 06.04: Oppstart med omvising på Kaihuset, tilbake til lokalet for kaffi og resten av møtet
  • 04.05: Til Årsetøya – dette var svært populært forslag, og alle som kan, vil vere med. Vi treng ikkje ekstra mat, greitt det som vert laga til på Årsetøya.
  • 07.06: På Rjåneset. Reknar med at Ragnhild har avtalt om dette, og Solrun sender innbyding til Rotary når vi har alt på plass.Så vart alle mint om eldrefesten 1.mars, og at alle må ha med kaffikanne, kake, og gjerne ein gevinst.
  • Jenny avslutta kvelden med 3-minutt, der ho mellom anna fokuserte på kor overbeskytta ungane som veks opp i dag er i dag i høve til for 50år sidan, og gav oss ei påminning om kor fort ting har endra seg på kort tid.

Solrun Sætre –

**********************************************************************

Halvårsrapport haust 2015 

Eg har dette halvåret delteke på eitt styremøte,2 medlemsmøte og på julemøtet, der Ørsta Rotary hadde regien. Deltok og leidde IC-møtet i september, som klubben arrangerte på Ramoen.

Medlemsmøte 2.september

President Ragnhild Høydalsvik leidde møtet, og kunne ynskje velkomen til ma 3 nye observatørar.

Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene.

Turid Karlsbakk hadde hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. Tiltaket har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no

Medlemsmøte 7.oktober

Sidan underskrivne var hindra i å stille på møtet, stilte Norunn Brekke som referent.

Hovudposten denne kvelden hadde Rotarypresidenten, Steinar Hatlestad, og han fortalde om nokre av deira prosjekt:

”Ungdomsleiren”, sommarleir for ungdommar frå heile verda arrangert av Rotary.. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear. I Noreg vert det arrangert 5 slike leirar kvart år. I vårt område samarbeidde Ørsta, Volda, Sula og Giske om programmet. Desse leirane er eitt av dei store programma til Rotary. Det kom til saman 10 ungdommar frå m. a. Slovakia, Tyrkia England, Nederland , Romania , Ungarn og Taiwan til årets leir. Opplegget kostar klubbane litt, men Rotary meiner det er verdt det. I Ørsta var det privat innkvartering, vanleg med hospits eller anna rimeleg overnatting. Elles var det eit rikhaldig program, t.d. sightseeing i Ørsta, fjelltur på Brekkeheia, båttur til Trandal, Brandal (Ishavsmuset) og Rotarymøte der ungdommane presenterte landet sitt. Steinar Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og Polioprosjektet i Nigeria (for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) President Ragnhild las deretter brevet frå Distriktspresident Mette Willoughby, og ISO informerte om månadsbrevet frå DISO Solrun Sætre. Kari Rogne kom med forslag om at ein kuttar rosesalet i 2016, i staden kan ein betale slik som i 2015. Det vart også fremja ønskje om å få foldaren ( oversikt over møter/stad) i papir også, ikkje alle medlemane som brukar nettet. Medlemsmøte 4.november

17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, orienterte Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, om organiseringa innan helsesektoren i kommunen

Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.

Julemøte 15.desember

Tradisjonen tru samla mange rotary- og innerwheelvener seg på Rekkedal til ein festleg førjulskveld, med andakt, julesong, god mat, og god prat rundt borda. Dette året var vi rundt 50, av dei var 15 medlemmer frå Ørsta IW

Desember 2015- Solrun Sætre – sekretær

**********************************************************************

Referat frå medlemsmøte 4.november

17 medlemmer og 2 observatørar møtte fram dette haustmøtet. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde opna møtet, fekk Knut Aamås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, ordet:

Han starta med å fortelje om seg sjølv og bakgrunnen til at han hadde valt helse- og omsorg som sin arbeidsplass. I samband med den nye folkehelselova i 2012 gjennomførte kommunen ein reform innan kommunale teneste, som førte til ein del omorganiseringar. I dag består helse og omsorg Ørsta av 3 hovudseksjonar:

  • Institusjon og rehabilitering
  • Helse og velferd
  • Bu og habilitering

Han avslutta sitt innlegg med å oppmode alle om å gjere det ein sjølve kan bidra med for god helse, røykekutt og fysisk aktivitet. Vi har godt av å ikkje ha det for lettvindt.

Under kaffien vart det sendt rundt påmeldingsliste til adventsmøtet saman med Rotary på Rekkedal, til januarmøtet som vi skal ha saman med Volda IW i Volda, og til årsmøtet 5.-6.mars.

Presidenten las brevet frå distriktspresidenten. Ho minte ma om handlingsplanen.

Deretter skulle ISO ha ordet. Sidan ho var fråværande, legg eg ved utdrag frå brevet frå DISO her:

«Sidan sist har eg mellom anna fått delta på årskonferansen til Rotary D2305 i Hamar, som «ledsagar», men det var mykje interessant å få med seg sjølv om eg sat på sidelinja. Mellom anna hadde past distriktspresident Lise Holland (D30) ein fin presentasjon av IW sitt arbeid, og vi fekk svare på mange spørsmål i etterkant av det. Vi var i alt 4 IW-medlemmer som ledsagarar. Det er alltid merkeleg å oppleve at Rotary veit så lite om oss, og som forstår at det er nødvendig med IW sjølv om dei får stadig fleire kvinner i Rotary, ikkje minst med tanke på at vi er ein internasjonal organisasjon der ikkje alle kvinner er likestilte som hos oss. Og at våre prosjekt går meir direkte inn mot kvinner og born.

På konferansen fekk vi ein presentasjon frå elevar som var utvekslingsstudentar i fjor, og som alle meinte dei hadde fått fantastiske minne for livet. Eg snakka mellom anna med assisterande guvernør Jon Stennes for å få vite kva som var forventa av oss i IW. Det viser seg å vere lite kjent for Rotary at IW skal bidra i dette arbeidet.

Utfordringane for Rotary er mellom anna

  1. å kome i kontakt med aktuelle norske kandidatar,
  2. å finne vertsfamilie til studentar utanfrå.

Situasjonen for medlemmene i Rotary er dei same som for IW, det er få att som har ungdomar sjølve som kan vere kandidatar, og det er ein fordel at vertsfamiliane sjølve har ungdomar i huset, sjølv om det ikkje er eit krav. Så her er Rotary takknemlege om vi kan delta aktivt i våre lokalmiljø for å finne aktuelle kandidatar, og ev. gi tips om aktuelle vertsfamiliar. Familiar som får sende ut ein ungdom, bør sjå det som ei «plikt» å ta imot ein student ein periode av året.

Handicamp 2016 (Frå RISO) Erfaringen fra siste Handicamp var at leiren ikke ble godt nok markedsført, ikke engang innen Rotary og Inner Wheel. Veldig mange av søkerne kjente nemlig til leiren fordi de hadde deltatt før. Det er viktig at flere får sjansen derfor kan man ikke informere for mye. Brosjyrer kommer til å bli sendt til presidenten i klubbene, men jeg sender også til dere for videresending til ISO.

Hvis en Inner Wheel klubb har lyst til å sponse og hjelpe en fysisk handikapet person til en fantastisk opplevelse, må det startes tidlig. Ergoterapitjenesten i kommunen eller lokalavdeling av Norges Handikapforbund kan sikkert helpe til med å finne søkere (www.nhf.no) I papirene jeg vedlegger, står alt om vilkår og frister og hva som må gjøres.

Andre typer bidrag til leiren fra Inner Wheel kommer jeg tilbake til senere. Jeg ser at det nye styret er aktivt på facebook! Egen nettside er laget www.handicamp.rotary.no»

For tida er RISO på besøk i Etiopia og får oppleve Safe Motherhood Ambassador-prosjektet på nært hald, og vi gled oss til å få rapport derifrå. Mange har kasta seg på ideen om å strikke babyteppe. Minner om at dei skal/kan strikkast slik: Start med 3 maskar, auk i byrjinga til du måler ein diagonal på 90cm, deretter feller du 2.og 3.maske på kvart omfar til du sit att med 3 maskar. Strikk så ei hette, det er passe at denne er ca. 20cm i diagonal, før du avsluttar. Bruk babyull og tjukke pinnar (4-4,5). Adressa de kan sende til: Hanne Smørdal, Sypressveien 24, 4070 RANDABERG.

Så var det Marit Aasen sin tur til å halde 3 minutt: Ho synest at ho aldri har hatt så lita tid til alt ho vil gjere som etter at ho vart pensjonist, og slik opplever vel fleire det. Ho hadde valt å sitere gullkorn frå boka «Ta det litt roligere»

**********************************************************************

Referat frå medlemsmøte Ørsta IW 07.10.15 President Ragnhild ynskte velkomen til 13 medlemar + 2 observatørar på Bakk- Ola-marka. Etter velkomstsong var det klart for kveldens hovudpost.

Steinar Hatlestad, president i Ørsta Rotary,fortalte om ”Ungdomsleiren”- sommarleir (14dagar) for ungdommar arrangert av Rotary. Ungdommar (1 frå kvart land) kan søkje på dette tilbodet. Formålet med opplegget er at ungdommar skal bli kjende med andre land sine kulturar og levemåte, og at dei skal sosialisere seg og utveksle idear.. I Noreg vert det arrangert 5 slike leirar kvart år. I vårt område samarbeidde Ørsta, Volda,Sula og Giske om programmet. Desse leirane er eitt av dei store programma til Rotary. Det kom til saman 10 ungdommar frå m. a. Slovakia, Tyrkia England, Nederland , Romania , Ungarn og Taiwan til årets leir. Opplegget kostar klubbane litt, men Rotary meiner det er verdt det. I Ørsta var det privat innkvartering, vanleg med hospits eller anna rimeleg overnatting. Elles var det eit rikhaldig program, t.d. sightseeing i Ørsta, fjelltur på Brekkeheia, båttur til Trandal, Brandal (Ishavsmuset) og Rotarymøte der ungdommane presenterte landet sitt. S. Hatlestad orienterte også om ” David’s school” i Sierra Leone og Polioprosjektet i Nigeria ( for meir info – sjekk ut www.orsta.rotary.no ) Som takk for eit svært interessant innlegg fekk han ei rose overrekt av Ragnhild. H. Berit Hatlestad fekk overrekt orkide,( ho blei 70 år 9.sep.). President Ragnhild las deretter brevet frå Dp. Mette Willoughby, der ho m.a. skrytte av Intercitymøtet på Ramobuda. Ho kom og inn på den svekka økonomien til IW, Distrikt 27 har mista 5 klubbar i løpet av dei siste åra. ISO informerte om månadsbrevet frå DISO. Kari Rogne kom med forslag om at ein kuttar rosesalet i 2016, i staden kan ein betale slik som i 2015. Det vart også fremja ønskje om å få foldaren ( oversikt over møter/stad) i papir også, ikkje alle medlemane som brukar nettet. 3. Min ved Sigrid Hovden, eit fint innslag som informerte om seniordansen på Ørsta kulturhus. Før avslutningssong las President Ragnhild eit tankevekkande dikt: ”Kunsten å leve”
Ref. Norunn Brekke

**********************************************************************

IC-møte på sjøbuda RAMOEN laurdag 12.september 2015 

Vi var 34 IW-damer representert av 4 klubbar som hadde nokre trivelege timar i lag i nydeleg haustver. Fiskesuppa smaka, og underhaldninga såg ut til å treffe bra.
Dansarane frå vår klubb gjorde ei flott oppvising, og songarane frå Ålesund, som framførte Ålesundssongen, var ei overrasking for dei fleste.
Hovudposten hadde distriktspresidenten, Mette Willoughby, hennar første oppdrag i dei to åra ho har tatt på seg i dette vervet. Vi ynskjer henne lukke til vidare ! På loddsalet fekk vi inn 5000 kr, som går til det nye Fistula-prosjektet.
Intecity-møte hos Ørsta Inner Wheel

Intecity-møte hos Ørsta Inner Wheel

Intecity-møte hos Ørsta Inner Wheel

Intecity-møte hos Ørsta Inner Wheel

 

 

 

 

**********************************************************************

Referat frå medlemsmøte 2.september 2015

20 medlemmer, og ikkje mindre enn 3 observatørar møtte fram på vårt første medlemsmøte etter ferien. Etter at president Ragnhild Høydalsvik hadde ynskt oss, og observatørane spesielt, velkomne, ga kasserar Kjellfrid Osdal gjennomgang av rekneskapen for året som var gått.

Deretter hadde ISO Norunn Brekke ordet. Ho refererte frå junibrevet frå DISO, der det mellom anna vart mint om å bruke internett for å halde oss oppdaterte på prosjekta våre. Norunn hadde funne mykje aktuelt stoff på nettstaden fokuskvinner.no. Til slutt slo ho eit slag for vårt «hjartebarn» Svalene, som vi har støtta med pengegåver sidan skulen og prosjektet vart oppretta, i byrjinga av 1960-talet. På sommaravslutninga i år fekk vi inn ca.8000 på loddsalet, som uavkorta gjekk til dette prosjektet.

Etter kaffi og prat hadde medlem Turid Karlsbakk hovudposten. I påska var ho med slektningar til Bolivia for å sjå korleis det vert arbeidd i prosjektet Mariposa Norge. (Mariposa tyder sommarfugl). Bak stiftinga står mellom anna ørstingen Hildegunn Bjørdal, som ynskte å bruke delar av ein større arv til noko meiningsfylt. Og det enda opp med dette prosjektet i Bolivia, eitt av verdas fattigaste land. Målet er å hindre omsorgssvikt og oppløysing av familiar gjennom førebyggjande arbeid og mødreheimar. Gateborn vert raskt henta inn og plasserte på barneheimar. Mariposa Norge har ansvar for ein mødreheim med plass til 5 kvinner som har vore utsette for seksuell vald. Og dei har tilbod om leksehjelp til ca. 70 fattige born. På turen var dei innom både barneheimar og på senteret der det vert gitt leksehjelp. Ein dag fekk borna ei minnerik oppleving ved å få vere med til eit badeland, noko dei aldri hadde drøymt om å få oppleve. Dei hadde med kle til borna, som vart utdelt medan dei var der. Den som ynskjer å vite meir om dette prosjektet, kan gå inn på centromariposa.no Loddsalet  denne kvelden  gjekk til dette prosjektet, og vi fekk inn nesten 3000 kr!

**************************************************************************************************************

2014-15

Ørsta IW og Volda IW : Den internasjonale IW-dagen

I fleire år har vi hatt fellesmøte med Volda IW i samband med den internasjonale IW-dagen. I år var det Ørsta IW som var vertskap. Til saman var 38 IW damer samla til ein triveleg kveld. President Eli Lannerholm ynskte velkomen og minte oss på årets motto: ”Light the path”,og som ho så fint sa kan t.d. bety å rette ut ei hjelpande hand. Deretter song vi ”Deilig er jorden”

Hovudposten denne kvelden var ved Eli Lannerholm og Turid Karlsbakk. Dei heldt eit svært interessant foredrag om reisa si til Syd-Grønland sommaren 2014. Først gav Eli oss eit lærerikt innblikk i historia til inuittane. Ho tok oss tilbake til 1700-talet da utfordringane starta gjennom ei innvandring frå Danmark som etter kvart endra livssituasjonen til inuittane. Det vart store kulturkonfliktar og andre interessekonfliktar, men i dei seinare åra har dei fått att mykje av råderetten over naturressursane sine og også funne att stoltheita over eigen kultur. Men dei har framleis store problem å stri med t.d høg arbeidsløyse, stort alkoholmisbruk m.m. Deretter viste dei mange flotte bilde og fortalde levande om turen dei hadde hatt sommaren 2014 saman med barnebarn og to andre damer. Dei var t.d. innom Gardar, eit gamalt bispesete, og Brattalid der Eirik Raude i si tid grunnla eit norrønt samfunn.

Det var eit svært interessant og lærerikt programinnslag, og som takk fekk dei kvar si raud rose. Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk til IW sitt prosjekt Fistula. Etter kaffipausen fekk distriktspresident Kari Juel Rogne ordet, der ho først ynskte godt nytt år og mange gode ønske for det vidare arbeidet i klubbane. Ho fortalde litt om det første halvåret som distriktspresident og orienterte litt om distriktsårsmøtet som skal vere i Ørsta 7.og 8.mars.Og til slutt bad ho oss hugse- hjulet skal rulle vidare og deltaking er viktig i alt organisasjonsarbeid. Så var det ”3 min” ved Volda IW, og president Torill H. Bjørneset hadde eit svært fint og tankevekkande innlegg. Ho brukte to innlegg frå Sunnmørsposten( 24.12.14) og minte oss om verdien av dei gode tradisjonane ved julefeiringa vår, og ikkje minst kjærleiken symbolisert ved fargen raud. Kjærleiken opptrer i ulike former; eros, agape og filos(kjærleik mellom venner/familie), alle formene er viktige. La oss ta vare på kjærleiken. Norunn Brekke -sekretær-

Referat frå medlemsmøte Ørsta IW- klubb 01.10.14

President Eli Lannerholm ønskte dei 10 frammøtte medlemane velkomen til oktobermøtet. Til opningssong song vi ”Innerwheelsongen”. Presidenten hadde ein del informasjon å dele med medlemane, ho refererte frå ulike møte: * Intercitymøtet i Ålesund ( sjå eige referat – epost) *Landstreffet i Stavanger Ho refererte mellom anna at i Stavanger blei det overrekt sjekk på 150.000kr til narkohundprosjektet, og Hafsøe frå Tollvesenet understreka at IW sitt bidrag og engasjement i denne saka er viktig. Det kostar 1.5 mill. kr å trene opp ein narkohund. * Eli las månadsbrevet frå DP Kari Juel Rogne.    DP oppmoda om aktiv deltaking på Intercitymøter – ein viktig møteplass for IW kvinner. (Det var få deltakarar på møtet i Ålesund). Ho hadde og vore på ei særs interessant Rotarykonferanse i Molde. Før matpausen song vi ”Venskapsvise” der Berit trufast ordna tonefølgje til songen. Hovudposten denne kvelden var Janne Marit Øye som i haust har debutert som barnebokforfattar med den flotte bildeboka ” Snøhumla Mille” med nynorsk tekst. Det var skikkeleg kjekt og interessant å høyre om prosessen som ligg bak, frå det å gi frå seg ei forteljing, via manus, prosessen med illustrasjonane og til bildeboka er klar. Og ikkje minst å få bla i boka og høyre Janne Marit sjølv lese frå boka. Ein utruleg flott bok til lesestund med småbarn i familen… kan anbefalast! Berit hadde ”3 min” og las ein tankevekkande og like aktuell tekst av Inge Eidsvåg: ” Den nye madrassen.”(tema: Treng eg dette? Reklamens påverknad). Ein innhaldsrik og triveleg kveld blei avslutta med ein fellessong. Neste møte, 5.nov. blir på ”Psykiatrisenteret” Norunn Brekke -sekretær-

Referat frå medlemsmøte Ørsta IW- klubb 03.09.14

President Eli Lannerholm ønskte dei 18 frammøtte medlemane velkomne til første møtet i haustsemesteret. Og vi song ” Vestland, vestland” til opningssong med Berit ved pianoet. Presidenten hadde ein del informasjon mellom anna datoar for: *Inter Citymøte Ålesund 20. september kl. 13.00. Påmeldingsliste vart sendt rundt. *Invitasjon til Inter Citymøte frå Trondhjem IW. *Landstreff i Stavanger 5-7 sep.    Distriktspresident Kari Juel Rogne og distriktsredaktør Solrun Sætre vil delta der. President Eli las ei god norsk omsetjing av brevet frå internasjonal president, ABHA GUPTA, der ho gjer greie for sitt motto for året: Light the Path”, eller på norsk ”Lys opp vegen.” Fritt gjengitt: ”Lyset må kome frå vårt indre, vårt engasjement må føre til gode tenester for andre. Skape ei betre framtid for barna, utdanning fører til forandring – og verda blir ein betre stad.” Etter det passa det fint med IW songen. Berit, vår trufaste og dyktige pianist kom med eit spørsmål om klubben var interessert i å dra på onsdagstreff i Svendsengarden 5.nov.(IW møtedag) av di ho hadde blitt spurd om å spele der. Ho sa klart frå at IW møta er hennar førsteprioritet. Etter eit lite ordskifte vart konklusjonen at medlemane synest vi treng IW møta, så vanleg møte i nov. Da var det klart for hovudgjesten vår denne kvelden; Janne Grytten Skarstein som er einingsleiar for kultur i Ørsta. Ho heldt eit svært interessant innlegg om jobben sin. Ho er m.a. sjef for Kaihuset i Ørsta, eit rusfritt lavterskeltilbod for ungdom (14- 18 år), og ho er sjef for utleige av kulturhuset og arrangementsansvarleg for alle kulturtilboda der. Ho orienterte om det svært allsidige haustprogammet og korleis ho jobba for å få booka dei ulike artistane. Og som det ikkje var nok er ho også sjef for kinoen og bestemmer kva filmar kinoen viser. Det vil seie dei store byråa bestemmer kva tilbod Ørsta kino får utfrå besøkstalet ved kinoen. Etter kaffipausen der det var utdelt raud rose til Kristi Vinjevoll som gjekk ut av styret, var det distriktspresidenten Kari Juel Rogne som informerte litt m.a. om : *Distriktsårsmøte i Ørsta 7-8. mars 2015. Møtet er innkorta( laurdag til søndag), bestemt i Tromsø, og ” Ryst saman” blir da laurdagskvelden. Ein kjem tilbake til denne saka, men medlemane kan gjerne allereie tenke på kva som kan egne seg til programinnslag og gevinstar Det var framlegg om at overskot av lotteriet kan gå til Kaihuset, som allereie sagt styret vil arbeide vidare med denne saka. Kasserar Kjellfrid la fram regneskapet, eit oversiktleg og greitt rekneskap. Og ho las også opp junibrevet frå ”Svalene.” Sekretær Norunn delte ut Blåboka og ”møtefoldaren” for 2014/15. Eli Berit ( den tidlegare sekretæren) hadde laga ein fyldig halvårsrapport som og vart utdelt. I samband med utdeling av foldaren lufta ISO Norunn ein del tankar rundt rosesalet. Rosesalet er viktig m.o.t. marknadsføring av IW, og støtte ”Narkohund” er ei viktig og god sak, men siste åra har kvaliteten på rosene(har samanheng m. prisen) ikkje vore bra nok. Det vart fremja forslag om at kvar medlem kan betale 200 kr i staden for rosesalet Styret ser på saka og ein kjem tilbake til den. Styret var vertinner for kvelden. Norunn Brekke – sekr-

 Sommarfest på Rjåneset

Tradisjonen tru inviterte Ørsta IW Ørsta Rotaryklubb til felles sommarfest.

Vi var nesten 50 stk. som møttest der på ein fin sommarkveld.

Etter at vi hadde sunge vennskapsvisa med Berit ved pianoet, las ho mellom anna brev frå venskapsklubben vår Ljungby i Sverige.

Hovudposten var ved Terje Aarset og Terje Kjøde. Terje Aarset er spesialist på Ivar Aasen og diktinga hans og Terje Kjøde er ein flink intervjuar. Det var svært interessant å lytte til desse to som fortalde om diktsamlinga «Symra» som nyleg kom ut i ny utgåve. Terje Aa uttrykte det slik: Boka er på 270 sider og veg 1,6 kg og er billegare enn fårepølse. – – –

Loddsalet på junimøta er øyremerka vårt lokale prosjekt, Svalene, og det varmar å kunne sende frå seg over 6000 etter ein kveld!

Ragnhild Ørstavik Øye hadde 3minutt, og ho fortalde om barndomsminne frå Ørsta. Ho konkluderte med at Ørsta var ein fin plass å vekse opp i, trygt og godt å vere -, Ho las til slutt Monrad Nordervald sitt dikt : Med Ørstingen er det så underleg fatt

Det var kjekt å få dette bilde som tok oss med tilbake i tida.

Eli Berit Strande – sekr. –

Vårtur  2014

Dagen var 7. mai og Steinar  Hatlestad stod klar med Sparebankbussen kl. 17.30.

16 damer fekk plass i bussen og så tok president Jenny med 3 til i privatbilen sin. Tilsaman var vi 21 stk. med Steinar.

Målet for turen var Ishavsmuseet på Brandal.

Veronica Kvalen Pilskog ønskte oss velkomne, og ho var ein dyktig guid for oss. Ho gav eit

interessant innblikk i det livet som førte til at museet kom i stand, og ho fortalde om mange av dei tinga som var utstilt der.

Ishavsmuseet Aarvak vart stifta i 1981. I 1998 flytta Ishavsmuseet inn i nyrenoverte lokaler i «Gråbuda», ei eldre produksjons og sjøbu tilhøyrande ishavsreiarlaget Martin Karlsen AS

Museet vart reist for å ta vare på dei rike tradisjonane frå selfangst og anna virke i polare områder som bygda Brandal og Sunnmøre har vore nært knytta til.

Då denne næringa var på topp i sluten av 1920 åra, segla 75 skuter ut frå  Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeidet sitt her. I tillegg kom det fabrikkanlegg på land som tok imot selprodukta.

Museet er reist for å heidre desse sanne kvardagsheltane som kjempa i skruis og uver der «vergudane» kunne vere nådelause. Det var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Forlisa var mange.

Dei to største ulukkene var i 1917 då 7 skuter forliste og  89 mann omkom, og i 1952 då 5 skuter og 78 mann kom vekk.

Ishavsskuta Aarvak vart bygd i 1912 og er i dag den eldste gjenverande selfangstskuta i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst.  I 1981 overtok Ishavsmuseet skuta og fekk henne verna som kulturminne. Vernebygget over Aarvak vart opna i 2009. Det var ei oppleving å få sjå inn i skuta og vi kunne fornemme litt av dei forholda som selfangarane levde under.

Samlingane til Ishavsmuseet går over meir enn 2000m2, og omfattar utstillingar om m.a selfangst,overvintringsfangst etter isbjørn, kvitrev og moskus. Dei prøvde å frakte levande moskus med heim, men det var vanskeleg å få desse dyra til å trivast, men kanskje er moskus som einno kan sjå på Dovre, etterkomarar av dei som blei frakta hit(?)

Brandal var ein stor stad med eit yrande folkeliv, mange butikkar,skular forsamlingshus o.s.v og mange trudde at Brandal var ein av Norges største byar —-

Museet har i dag meir enn 20 utstoppa polare dyr og mange fuglar.

«Ishavskjerringa» er reist som eit minne om henne som gjekk heime og venta med ansvar for

heimegard og born.

Eventyraren og ekspedisjonsleiaren Ragnar Thorset, har også ei samling der som viser mange av bragdene hans om «levd liv»

Det var mykje informasjon og mange ting å sjå på, så etter ein god time, var det godt å få setje seg ned ved pynta langbord.

Her fekk vi servert herleg kvalkjøtgryte, buffet med mange rettar og kaffi.

Litt informasjon blei formidla av president Jenny m a om sommarfesten saman med Rotary som blir den 3 juni -14 kl. 19.00 på Rjånes Ungdomssenter.

Inkomande  president. Eli Lannerholm minte om Intercitymøte til hausten. Det skal vere i Ålesund i september.

Vår trygge flotte sjåfør Steinar fekk overrekt ei lita gåve med stor takk for at han enda ein gong stilte opp for oss ( gratis).

Butikken på museet vart også besøkt, og mange nytta høve til å handle der.

Ein vellukka fin kveld i havgapet var dette og vi kunne takke kvarandre for eit triveleg lag og ta fatt på heimveg med ny informasjon og kunnskap om « ei tid som var.»

Ishavsmuseet på Brandal er vel verd eit besøk !

Eli Berit Strande

– sekr. –

Referat frå medlemsmøte ØIW-klubb 02.04.14

 Klubben vår var denne gongen innvitert til Volda IW-klubb til fellesmøte.

16 møtte frå Ørsta IW inkludert ein observatør, og ca 20 frå Volda IW.

Møtet blei halde på Sanitetshuset i Volda.

President Eli Lillås ønskte alle velkomne og vi starta møtet med lyssermoni. Deretter song vi vennskapsvisa og det var virkeleg god song i forsamlinga.

Torill Bjørneset fortalde litt frå DÅM i Tromsø som ho nett hadde delteke på. Ei av sakene som blei tekne opp der , var avkorting av tida til DÅM. Frå neste år blei det bestemt å ha «Ryst sammen» på

laurdagskvelden slik at DÅM går berre over to dagar.

ISO/DISO – treffet blir på Gardermoen som før.

Der var ikkje mange voteringssaker. Torill fortalde at søndagen var det eigenaktivitet før heimreise. Som t.d. kyrkjebesøk eller til eit aktivitetssenter der det var lett å bli «reven med å leike». Barn ler 400 gongar pr dag, medan vaksne ler berre 15 gongar pr, dag.

President Eli fortalde om eit prosjekt i Moldova som hjelper fattige heimlause jenter . Desse blir utnytta på det grovaste. Prosjektet er med og hjelper 15-20 jenter med ein plass å vere i vekedagane frå mandag til fredag. Det er byggeplaner for ein stad å vere, men pt  held dei til i ein privat bolig. Dei manglar alt, så kvar lita gåve er kjærkome. For desse jentene er fred og vaksenkontakt det viktigaste.

Pengane som kom inn ved loddsalet denne kvelden, gjekk til dette prosjektet.

Etter matpause med laksesmørbrød og ostekake, var det «3 min» ved Oddvor Follestad Hovden.

Ho delte ut kart og fortalde om dei mange turstiane som ein kan nytte seg av i Hovdebygda. Høgetua er yndlingsplassen hennar. Idrettslaget har også lagt ut trimpostar der.

Kjellaug Skogen fekk gåvekort som helsing til 70 års dagen sin.

Pres. Eli hadde litt info om landstreffet som skal vere i Stavanger 5 – 7 september 2014. Påmeldingsfrist er 01 mai -14. Solrun har vore på fleire slike treff og ho anbefalte det på det sterkaste.

Convention skal vere i København 05 -09 mai 2015.

Frå Rådet er det bestemt at det skal vere individuell stemming på prosjekt. Det er ikkje noko kvar klubb kan sende samla forslag om.

Pres. Jenny delte ut stemmesedlar til alle og dei fleste som var på møtet stemde med ein gong. Dei som ikkje var tilstades lyt få informasjon om dei 6 prosjektforslaga som det skal stemmast på og så må dei stemme før fristen som er 01 juni – 14. Ørsta IW-klubb tek dette opp igjen på mai- møtet.

President Jenny takka for innbydinga til Volda og hadde noko info om utflukta vår til Brandal i mai.

ISO Oddvor orienterte om rosesalget i Volda som blir den 5 april – 14. Ørsta hadde rosesalg den 15 mars – 14

Til slutt song vi «No livnar det i lundar»

Dette var ein triveleg IW- kveld !

Eli Berit Strande

-sekr –

Referat frå medlemsmøte 05.02.14

Denne gongen kunne pres. Jenny ønskje vel møtt til 17 medlemar. Vi er eit «reisande folk» og mange av medlemane var på tur.

Hovudposten for kvelden var ved lege Jørn Kippersund. Han er sjef for nattlegevaktordninga på søre Sunnmøre og han var innvitert for å snakke om denne, pluss litt generelt om legevaktsordninga i distriktet.

Jørn er fødd i 1970 og var 41/2 år då familien flytta til Bjørke. Han studerte medisin i Bergen og kom til Ørsta som komm.lege 1 og fastlege i 1998. I 2003 fekk han arbeid på legekontoret i Volda.

Nattlegevaktsordninga kom i stand då Eiksundtunellen blei opna.

Seks kommunar og 9 legekontor gjekk saman om ordninga: Volda- Ørsta – Ulstein – Hareid – Herøy og Sande er med. Nattlegevakta held til på Volda Sjukehus og startar kl. 22.00 om kvelden.

Før den tid på kvelden, er det legevakta i distriktet som har ansvaret etter at legekontoret er stengt etter vanleg arbeidstid på dagen.

Ørsta ringjer 700 48050 på vanleg dagtid for legehjelp.

Ørsta ringjer  700 48060 på kveldstid og natt tid.

Ringjer du 113 kjem du til AMK-sentralen i Ålesund. Dei bestemmer også over ambulansetenesta.

Det er planer om å innføre eit nytt legevaktsformidlingsnr ved akuttmottaket i Volda , nemleg

116117. Dette blir det jobba med, men meir informasjon blir då utsendt til befolkninga.

Eit viktig tips dersom ein ber om å få snakke med legen, men må vente: spør då når ein kan vente at legen ringjer tilbake. Dersom det tek lenger tid enn antyda, så er det lov å «purre på»

34 legar er med på nattlegevaktsordninga, og dei får poeng for kvar vakt. På denne måten blir det lettare å fordele vaktene likt på alle.

I spesielle tilfelle kan også legevaktslegen fare på sjukebesøk heim til pasienten,.

Dr. Kippersund meinar at ordninga med nattlegevakt som han er opphav til, er eit godt fagleg tilbod i distriktet.

Det blei reist ein del spørsmål frå forsamlinga som han gav greie svar på til slutt.

Pres. Jenny takka han og gav han rose for interessant og nyttig informajon.

Kari har fylt 70 år, og fekk overrekt orkide.

Pres. Jenny hadde så ein del informasjon. Vi har fått innbyding frå Volda IW til april møtet vårt .

Dette takkar vi ja til. Altså 2 april til Volda IW-klubb.

Liste over rosesalpostane 15 mars blei delt ut.

Info om eldrefesten 11mars og fordeling av kjøkenteneste blei gjort. Husk bløtkake og ei kanne kaffi.

Ørsta IW-klubb har fått innbyding frå Rotary til å vere i lag med dei på Ivar Åsen hotell den 25 februar-14 kl 19,.00. Denne kvelden kjem Joakim Rønneberg dit og vil halde foredrag.

Eli las takkebrev frå «Venner av Tibet» for pengegåva (kr. 1350.-) som blei sendt dei frå ØIW-klubb.

Etter kaffipausen og loddsal, las Kjellfrid litt frå «Svalene»  nr. 13) Pengane som blir sende dit, kjem alltid i gode hender. Kjellfrid las ei gripande historie om vesle Maria som blei voldtatt og gravid og om overgripar som går fri —

Eldbjørg informerte om lokal på Brudevolltunet som kan leigast til møteverksemd.

Pres. Jenny ser nær are på dette.

Så var det årsmøte og valg.

Valkommiteen sitt forslag til nytt styre blei lagt fram av past pres Sigrun.

Valnemnda hadde ikkje lukkast med å få kandidatar til alle verva i styret. Dette gjaldt sekretær og styremedlem.

ISO Norunn sa seg villeg til å vere sekretær i tillegg til ISO.

Styremedlemvervet står uten kandidat.

Det nye styret for 2014/2015 blir då:

President         : Eli Øvstegård Lannerholm

Visepresident  : Ragnhild Høydalsvik

Sekretær         : Norunn Palma Brekke

Kasserar          : Kjellfrid Osdal

ISO                 : Norunn Palma Brekke

Revisor           ; Marit Aasen

Past president : Jenny Godø Vatne

Alle blei valde ved akklamasjon.

Innkomande Distriktspresident Kari Juel Rogne, informerte frå møter og distriktsstyre og om evt. endringar i opplegget for DÅM.

Ho sa også at evt. stønad til å delta på årsmøtet for andre enn delegatane, blir ordna ved at klubben får pengar og kan fordele innad i klubben til dei som er interesserte.

Ingunn hadde « 3 min» og fortalde om reiseminne til Berlin og opplevingane rundt Holocaust.

Det var ein lite behageleg følelse å vere der ,sa Ingunn

Sekretæren tek kontakt med medlemane som ikkje var på møtet og leverer ut rosesalsliste, eldrefestinfo og orienterer om Joakim Rønneberg-kvelden saman med Rotary.

Ein innhaldsrik og grei kveld blei avslutta med ein fellessong.

Eli Berit Strande

-sekretær –

 

Halvårsrapport  Ørsta IW-klubb hausten 2013.

Vi har hatt 4 medlemsmøter dette haustsemesteret. Styret har vore samla ein gong og har handsama 7 saker.

September.

Frammøte 22 medl.

President Jenny Vatne ønskte velkomne til nytt semester og hadde ein del info om viktige datoar og hendingar framover.

Marit fekk orkide\ og gratulasjon i høve 70 årsdagen.

Kasserar Kjellfrid la fram eit greit og oversiktleg rekneskap(som no føl klubbåret 1 juli – 30 juni)

Sekretær Eli Berit delte ut blåboka og ny «foldar». Det blei også oppmoda om å gjere seg kjende i blåboka og ho hadde ein del spørsmål som medl. måtte finne svar på i boka.

13 stk (inkl Rotaryanarar ) besøkte vennskapsklubben vår i Ljungby i Sverge i august -13

På dette møtet fortalde dei som var med frå denne turen, som var svært vellukka. Reportasje om turen og bilde av «gjengen» har stått i IW-bladet nr 2 2013 og på heimesida til klubben.

Oktober.

Frammøte 18 medl.

Pres Jenny starta kvelden med å gi tonen til vår faste pianist Berit. Ho gav oss ei fin opning på kvelden ved å spele nokre melodiar på pianoet.

Hovudgjesten var Petra Tverrberg. Ho fortalde om sjølvopplevde hendingar i samband med hjelpesendingar til Ukraina. Der er stor naud og stor glede over det som blir motteke, og ho har sjølv sett kor det nyttar. Det er sjølvsagt store språkvanskar, men dei har lokale kontakter som tolk og hjelp til formidling av hjelpesendingane. Dei som bur der, veit kvar nauda er størst.

Petra har vore der fleire gongar (SI-reiser) og ho planlegg å vere med på fleire turar.

Sigrid fekk orkide\ og gratulasjon i høve 70 årsdagen.

Åsta hadde «3 min» der ho som fersk pensjonist reflekterte litt om alder. Eit liv er ei vandring i ukjent terreng.

ISO Norunn refererte frå ISO/DISO-treffet og las brev frå Ljungby vennskapsklubb.

PresJenny las månadsbrev frå distr. Pres Solveig Kristoffersen og frå Liv Skudal i valkommiteen.

ISO i Ålesund IW har teke kontakt for å vurdere sammøte mellom klubbane  på søre (intercitygr) om å feire IW 90 års jubileum i lag. Klubben vår var stemt for dette og pres gir positiv tilbakemelding til Ålesund IW.

November.

Frammøte 21 medl.

Hovudposten denne kvelden var ved vår eigen medl. Eli Lannerholm. Ho fortalde engasjert  og kunnskapsrikt om Tibet noko som har engasjert henne frå tidleg i ungdomsåra. Dalei Lahma var politisk og relgiøs leiar, men måtte røme til India i 1959 for å berge livet. Han var i Oslo Spektrum i 2000. Eli var der, og har også vore til Tibet og er medlem av «venner av Tibet» som samlar inn pengar til diverse prosjekt. Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk til «venner av Tibet»

Fistulaprosjektet blir avslutta ved nytt år, og Rådet oppmodar kvar klubb om å gi kr. 700.- Ørsta IW klubb bestemte å gi kr. 1000.-  som sluttsending til dette førmålet.

Pres Jenny informerte om julebord saman med Rotary på Rekkedal 10 des -13 og om felles feiring av IW-dagen i Ålesund den 11 jan -14. Påmeldingslister blei sendt rundt på møtet, og sekr, tek kontakt med dei som ikkje var tilstades for info og evt, påmelding.

Liv Grete hadde «3min» der ho la fram tankar om det  gode skuletilbodet som vi har i Norge med rett til 13 års skulegong.

Desember.

Frammøte 14 medl.

Også dette året hadde vi julemøte på Rekkedal gjestehus saman med Rotary.

Rotarypres Arnstein Nupen var festleiar.

Pinnekjøt og riskrem blei servert og smakte godt. Nokre julesongar blei sunge, elles var det loddsal og hyggeleg prat rundt festpynta bord.

Eli Berit Strande

Referat fra Inner Wheel møte i Ålesund på Waterfront Hotell, lørdag 11/1-14 kl. 12.00.

Dette var et fellesmøte mellom Ørsta, Volda, Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg i anledning av Inner Wheel dagen og Inner Wheel sitt 90 års jubileum i år.

Ålesund var teknisk arrangør av møtet, programpostene fordelt på de forskjellige klubbene.

Det var 49 medlemmer til stede, fordelt på Ørsta 15, Volda 13, Ulsteinvik 5, Ålesund 9 og Brattvåg 5.

President Mette Willoughby i Ålesund ønska oss velkommen til møtet og leste hilsen fra Solveig Kristoffersen (DP), Sissel Høihjelle Michelsen og Helene M. Torkildsen (RP).

Deretter hadde vi lysseremoni i regi av Ålesund. Vi avslutta med sangen ”Tenn lys”.

Vi gikk så over til programmet og Liv Skudal (Ålesund) hadde en fin gjennomgang av historikken til IW. Den første klubben ble stifta i Manchester 10/1-24 med Margarette Golding som president og klubben hadde 24 medlemmer. Den første klubben utenfor Storbritannia ble stifta i Bergen 15/3-35. Pr. 30. juni 2013 er IW representert i 103 land og har ca. 100.000 medlemmer.

Dagens hovedpost var Volda ansvarlig for. Cecilie Wilhelmsen hadde skrevet manuskriptet som ble lest av Else-Marie Holsvik. Tema var internasjonal forståelse i et kvinneperspektiv.

Bli kjent med andre, vær åpen og raus mot de du møter, føl deg som en verdensborger. Vi kan være norsk, tysk etc., men vi er alle mennesker og ingen nasjon skal føle seg bedre enn andre. Verdensbanken har i en undersøkelse spurt hva kvinner ønsker mest, og svaret var: Gi oss en stemme. Ved å støtte kvinner hjelper vi hele familien og samfunnet.

Etter hovedposten var det nydelig lunsj.

Etter pausen var det loddsalg v/ISOene. Hver klubb hadde med 3 gevinster, og overskuddet går til Fistula-prosjektet. Dette ble kr. 7.378,-.

Blant deltagerne hadde vi representanter både fra Råd og Distriktsstyret, og disse ble presentert av Kari Mette Abusland (Ålesund).

3-min var ved Ørsta, ISO Norunn, leste dette. Her fikk vi mange gode råd om å ta vare på både gamle og nye medlemmer. Det er viktig å ta godt vare på observatørene, gi ros, anerkjenning, være aktiv lytter, være åpen for endringer og ha respekt for hverandre.

Ulsteinvik har vært flinke til å få med yngre medlemmer. ISO Berit leste et skriv om hvordan vi kan få til dette. Ha det trivelig sammen, sosialt arbeid, bedriftsbesøk, gode foredrag, direkte kontakt med potensielle medlemmer. Ellers er det viktig med spredning i alder og yrkesbak- grunn da alle har noe å bidra med.

Til slutt var det lodd-trekning og avslutning av møtet ved Ålesund sin president Mette.

Tusen takk til alle som bidro til et veldig hyggelig møte.

Referent: Wencke Uri Marken, Brattvåg IW

 

Referat frå medlemsmøte ØIW-klubb 2 oktober -13

President Jenny ønskte dei 18 frammøtte medlemane velkomne til oktobermøtet, og etter samlesongen, fekk vi lyttte til nydeleg pianomusikk ved vår trufaste pianist Berit. Eli Berit las dikt mellom musikkstykka.

«Ei fin opning» , sa hovudgjesten vår Petra Tverrberg, som så fekk ordet. Ho fortalde om sjølvopplevde hendingar med hjelpesendingar til Ukraina.

Vi spør oss ofte om hjelpa virkeleg kjem fram, og ho kunne fortelje om «reisa» til dei hjelpesendingane ho hadde vore med på. Tre gongar har ho vore med – men det blir ikkje den siste (om helsa held)  —

Det er stor naud, og stor glede over det som blir motteke og ho har sjølv sett kor det nyttar.

Det er SI-reiser som har stått bak desse turane.Reiseleiar Kurt Andre Henriksen si kone er frå ein av desse byane som  dei har reist til. Byen heiter Khmelnitskiy. Med lokalkunnskap og manglande språkbarriere er ho ei viktig brikke for at dette kan bli vellukka. Det er elles store språkvanskar, dei snakkar ikkje engelsk, men medmenneskeleg kontakt merkast —. Petra fortalde om barneheim med sovesal der det låg 18 stk på rad tett i tett , men kanskje er det ei viss trygghet også å ha selskap med kvarandre. Ho skildra ein «heim» langt ute i einsemda for tilbakeståande menn. Det var eit dystert inntrykk som vitna om at dei slett ikkje hadde det godt. Der trengst det også «mannakle».

Ein lege som heiter Valentina (som er tante til fru Henriksen), er med på distribueeringa av hjelpesendingane. Ho kjenner til kven i distriktet som har størst naud.

Petra fortalde også at midt i fattigdomen , så er dei gavmilde, t.d dyrka dei valnøtter som dei fekk til «takk».

Ukraina – hjelpa har arrangert barneleir i Ukraina. Ein av borna kom til leiren med bagen full av Vodkaflasker. Det var det einaste han fann å ta med—. Der er stort alkoholmisbruk i landet. På leiren fekk guten slå ut vodkaen og fekk gitar istaden noko som viste seg at han hadde gode musikalske evner og lærde seg raskt å spele.

I butikkane er der vare å kjøpe, men befolkninga har ikkje pengar å kjøpe for. T.d ei jente som jobba på supermarked 12 timar pr dag . Ho tente kr. 50.-

Det er ikkje alltid like lett å kome over grrensa for tollarane er så forskjellige. Ho fortalde om ein gong dei blei ille ute. Tollarane gav dei tre valg: lempe ut halparten av sendinga, stå i trailerkø i 14 dagar eller betale 100 dollar( bestikkelse). Denne gongen valde dei alternativet med betaling for å kome vidare, men som regel går grenseovergangane greit.

Petra fekk rose for ei interressant og tankevekkande skildring av Ukrainahjelpa.

Sigrid fekk overrakt orkide`i samband med fylte 70 år.

Så var det kaffipause,prat og loddsal.

Åsta hadde « 3 « min. der ho som fersk pensjonist, reflekterte litt om alder. Eit liv er ei vandring i ukjent terreng —

ISO Norunn las brev frå svenske Anna i Ljungby der ho takka for besøket dei hadde frå Ørsta i august i år.

Vidare refererte Norunn frå ISO/DISO treffet. Denne gongen var alle distrikta samla og både Disoane og Riso var tilstades. Dette var vellukka og blir sikkert innført som ein tradisjon.

Der var ein del diskusjon om prosjekt, men det blei konkludert med at det var opp til kvar klubb kva prosjekt dei ville satse på. Norunn følte at det var ein del forvirring rundt dette

Den 29 august – 13 var det Intercitymøte i Brattvåg. Fire stk frå Ørsta deltok. Nordisk prosjekt blei også der diskutert og Grønnlandsprosjektet fekk flest stemmer. Meir info om dette på nettet:

www.fgb.dk

Presidenten las månadsbrev frå distriktspres. Solveig Kristoffersen.

Verdspresidenten sitt motto : «We for women» blir oversett til «kvinner kan»

Ho las også brev frå Liv Skudal som no er i valgkommiteen og vil ha kandidatar til

distriktskasserar og 2.distr.visepresident.

Pres. minte om at dei som ønskjer å delta på DÅM i Tromsø mars- 14 , kan søkje om tilskot til dette no. Det er dei som evt. vil delta utanom delegatane.

Frå ISO i Ålesund er det kome brev til klubbane i gruppe 3 D27 med spørsmål om vi skal «feire» IW sitt 90 års jubileum i lag. Det er Volda sin tur å innvitere Ørsta denne gongen, men dersom Volda ønskjer å delta i Ålesund, er det naturleg at spørsmålet blir reist til medlemane her om Ålesund er aktuelt .

Dei blei ein fin samtale/diskusjon om dette, og mange var interessert i å reise til Ålesund på lunsjmøte laurdag 11 januar-14

Presidenten tek vidare kontakt og orienterar om planlegginga.

Kvelden blei avslutta med hyggeleg prat og meiningsutveksling med gode historier, då vi ommøblerte litt i lokalet slilk at alle såg og høyrde alle—-

President Jenny kunne etter 3 timar takke for eit hyggeleg oktobermøte.

Eli Berit Strande

– sekr. –

 

Ørsta IW-klubb på tur til vennskapsklubb i Ljungby

 I dagane 22-27 august- 13 , var 13 stk. Frå Ørsta IW og Ørsta Rotary-klubb på besøk til vennskapsklubben vår, Ljungby i Sverige.

Ned minibuss lånt av Sparebank 1, Steinar som dyktig sjåfør, og Berit som sjef og reiseleiar, var ramma lagt til ein vellukka tur.

 Alle var klare til start frå Ørsta kl. 06.00 om morgonen i eit fint haustver.

Etter ein stopp på Kvam, la vi ut på nye mil mot Oslo. I 15.00 tida køyrde vi ombord i «danskebåten» DFDS Pearl sea ways, og kl. 15.30 la vi ut frå Oslo med retning København.

Vi handla, slappa av eller rett og slett berre naut utsikta frå båten fram til vi kunne gå til eit perfekt

dekka middagsbord som var ekstra arrangert for oss. Ei flott oppleving!

Kirsti feira 73 års dag, noko som vi også feira i baren seinare på kvelden med gåveoverrekkelse og Berit fekk orkesteret til å spele «Happy birthsday» til henne.

 Etter ei roleg sjøreise og ein god frukost, køyrde vi ut frå København og 10.45 fredag morgon passerte vi Øresundbrua og var på svensk jord.

Til Ljungby kom vi i 14.00 tida, og då venta ein mottakskommite på oss med lunsj og velkomstord i Gæstgivergården.

President Linda Larson gav oss eit detaljert program for dagane i Ljungby og fortalde litt om huset vi var samla i som tidlegare hadde vore i mannen hennar Rolf sin familieeigedom, men som no var statleg eigd.

 Sagomuseet ligg i same området, og dit blei vi vist til etter maten. Guiden der var makelaus i sin forteljarkunst. Ho gjorde eventyra levande for oss. Der var også eit skrukkete «trolltre», stikk ein spikar inn til tanna der du har tannverk, slå spikaren inn i treet, så blir du kvitt tannverken—.

 Ljungbu tyder»byen i lyngen», men utan ei dame som heitte Martha Ljungberg fødd 1656, så  hadde det neppe vore nokon Ljungby. Ho var ei dyktig og rik kvinne som gav stipend til ungdomar i området så tettstaden utvikla seg og blei by i 1936.

Etter Sagomuseet, var det «dags» å sjekke inn på Hotel Terraza eit triveleg hotell i sentrum.

 Om kvelden blei mennene med på Rotary-møte, medan damene blei innviterte til middag heime hjå presidenten. Der hadde vi ein hyggeleg kveld med prat, mat, tale og gåveoverrekkelse. Vi hadde med lysestake laga av kjeramikar Rolf Vatn i Ørsta som takkegåve til vertinna.

 Laurdag var det også fint sommarver , og etter frukost blei vi henta i privatbilar til nye opplevingar.

Cooee Design var første stopp. Der selde dei flotte smykke og diverse spennande interiør. Alt var laga av plastmateriale. Kunsten var m.a inspirert av aborginerkunst frå Australia.

Damene handla smykke ( mest armeband) medan mennene utruleg tolmodig venta på at kjøpelysta skulle ta slutt.

 Vegen gjekk vidare til Værnamo som ligg 3 mil frå Ljungby. Vi køyrde på flotte beine vegar gjennom eit vakkert landskap med sjøar, vatn, fin bebyggelse og velstelte hus og gardar.

I Værnamo besøkte vi Bruno Mattson museet. Bruno Mattson var fødd i 1907 og døydde i 1988. Han blir rekna for å vere den mest betydningsfulle møbeldesignaren på 1900 talet. Han var framståande på fleire område både som snikkar, arkitekt, forretningsmann og filosof.

Bruno lærde folk å sitje rett og behageleg gjerne i ligge og kvilestolar av «limmat bøjtræ». Forma blei ofte bestemt ut frå sitjestillingar som kom når han sette seg i snøen.

Dette var svært interressant og fleire av møblane som var utstilte der, er like moderne og aktuelle i vår tid.

 Etter denne vitjinga, gjekk vi til Apladalen park, ein idyllisk og fin park med mange store gamle eiketre. Her vart det «piknik» med handbroderte dukar på borda og spennande tunnbrød med kylling, salat og dressing, og kaffi og kake til slutt. Vi kosa oss i det flotte sommarveret og praten gjekk livleg.

 På heimveg besøkte vi Dørarps kyrkje, ei steinkyrkje frå 1200 talet. Denne kyrkja kan minne litt om Giske gamle kyrkje frå omlag same tidsepoke. Eit høgdepunkt vart det då Einar gjekk fram i koret og stemde i med « Den fyrste son eg høyra fekk»

 Denne dagen skulle avsluttast med grillkveld i sommarstugua hjå Lena Engvall og mannen hennar Lennart. Her blei vi møtt med kanapear og velkomstdrink ute på den fantastiske eigedomen deira ved sjøen. Her budde dei store deler av sommaren noko det bar preg av for har var virkeleg flott og velstelt. Det blei servert grillmat og kaffimat før vi litt før midnatt blei køyrt heim att til hotellet og vi kunne nyte måneskin på vegen.

Vertsfolket fekk overrakt same gåva som tidlegare vertinne nemleg lysestake frå R. Vatn

 Planen for søndag var besøk til Huseby gård.

Historia til Huseby går tilbake til 1600 talet og det har vore drive jernverk,jordbruk og skogbruk der. Herregården blei bygd kring 1840 åra og har hatt fleire eigarar. Den siste eigaren  Florence Stephens som døydde i 1979, testamenterte eigedomen til den svenske stat.

Kongehuset hadde god kontakt med Huseby gård og foreldra til vår kronprinsesse Martha, prinsesse Ingeborg og prins Carl, var gjester på Huseby.

Guiden som tok oss med frå rom til rom, hadde mykje interessant å fortelje om både om interiør og om folk som hadde budd der. Ogå i dag er der aktivitet. Det går an for « vanlege folk « å tinge plass der  til selskap om det er noko dei vil feire.

Til godset høyrde ca 20 husmannsplassar og ei ung jente som fekk barn, blei vald  som amme på herregården. Ho vart verande på herregården for å ta seg av ( og amme) dei 3 søstrene Stephens og vart etter kvart som eit medlem av familien.

Stallen er i dag restaurant, og etter omvisninga var det lunsj i stallen.

Kvart år i november er der julemesse på Huseby som er ei av dei største i Norden.

 Vi rakk enda eit kjapt kyrkjebesøk på veg tilbake. Vi merka oss at på gravplassen stod gravsteinane rygg mot rygg. Slik vart det plass til fleire namn på ein familiegravstad.

 Den siste kvelden saman med vertsfolket vårt, var vi heime hjå Britt og Bengt Lunden Johanson.

Heimen deira blei etter kvart fylt opp med 36 kvinner og menn. Vi fekk servert «hyttsill». Deet var varme sildefilear, potetsalat, men også sterk grov korv. Til dessert ostekake med jordgubbe og grædde. Drikke var vatn, vin,minneralvatn og kaffi.

 Det var god stemning, song og musikk. Einar song solo , men også duett med Steinar. Elles var det

samsong med svenske og norske songar og Berit sat ved pianoet.

Det var helsingar og lysestake til vertsfolket.

Gryndaren Eldbjørg fortalde litt om korleis det heile starta med at Ljungby IW vart Ørsta IW sin vennskapsklubb. Ho fortalde også om korleis ho og svenske Birgitta «fann kvarandre» gjennom brevskriving  og som førte til dette med vennskapsklubbar. Frå klubben i Ørsta , overrakte ho kr. 1000.- svenske kroner til Ljungby- klubben.

Vi tok farvell med dei fleste denne kvelden, men både Birgitta og Iris kom til hotellet mandag morgon for å ta farvell.

Då hadde dei med ferske aviser til oss der klubb-besøket var  omtala og der var bilde i avisa.

På heimturen tok vi ferge Helsingborg/Helsingør. Og det blei ein fin køyretur langs med kysten.

Danskebåten med nye opplevingar om bord, førte oss til Oslo tidleg tirsdag morgon.

Så var det å ta fatt på siste etappe på heimveg. Det fine og varme veret kunne vi fortsatt glede oss over.

Vi var ein gjeng med godt vaksne folk, og det var nok «vondtar» både her og der, men hummøret skorta det ikkje på.

Heldigvis kom vi oss heim før blindtarmen sprakk for ein aaav deltakarane. Då var det godt å få kome til kyndig operasjonshjelp på sjukehuset i Volda.

Vi takkar ekteparet Berit og Steinar Hatlestad for ei trygg og «sytalaus « reise.

Vi takkar vennane våre i Ljungby som tok så godt imot oss og gav oss mange rike minner.

Vi takkar kvarandre for eit fantastisk felleskap og eit suverent «i hopehav» på denne turen.

Minna vil vi bere med oss vidare.

Referat frå medlemsmøte 04.09.13

22 medlemmer kom til første møtet i haustsemesteret.

President Jenny Godø Vatne ønskte alle vel møtt og vi song «samlesong» med Berit ved pianoet.

Presidenten hadde ein del informasjon mellom anna datoar for:

  • Intercitymøte i Brattvåg 29. september. Påmeldingsliste blei sendt rundt.
  • ISO/DISO- treff på Gardermoen 06.-07. september. ISO Norunn deltek der.
  • Solrun Sætre er ny distriktsredaktør, og ho fekk «redaktørnål» av vise distr. Pres Kari.
  • Distriktsårsmøte blir i Tromsø 28-30 mars -14. Presidenten minte om at det er lov å søkje tilskot for å delta på dette møte for andre enn delegatane. Søknadsfrist er 5. januar-14.

Sekretær Eli Berit delte ut Blåboka, pluss halvårsrapporten og “faldaren“, og hadde i den samanheng ein del spørsmål som medlemmene skulle finne svar på ut frå Blåboka. Ho oppmoda om å bruke boka. Ein finn mykje nyttig informasjon der.

Marit Aasen fekk overrekt orkidè og gratulasjon i høve 70 års dagen hennar.

Kasserar Kjellfrid la fram rekneskapen som no følgjer klubbåret frå 1. juli til 30. juni. Det var eit oversiktleg og greit rekneskap. Marit Aasen hadde revidert det.

13 medlemmer (inkl. rotaryanarar) besøkte Ljungby som er vennskapsklubben vår i sør Sverige, i slutten av august. Det var ein svært vellukka tur og på møtet refererte deltakarane frå turen.

Sjølve turen blir også forsøkt referert i Inner Wheel bladet og på heimesida vår.

Ved avreise fekk klubben i Ljungby overrekt kr. 1000.- svenske kroner frå Ørsta Inner Wheel klubb.

Dette blei gjort ved «gryndaren» Eldbjørg, som samtidig fortalde litt om korleis ho fekk i stand

at Ljungby blei vår venskapsklubb.

Styret var vertinner for kvelden.

Eli Berit Strande -sekr –

Halvårsrapport våren 2013

Vi har hatt 5 medlemsmøte dette vårsemesteret og frammøtet har vore slik: 21-20-19-15 22.

Januar

Det har etter kvart vorte tradisjon å starte i januar med fellesmøte med Volda IW-klubb. Denne gongen var det Ørsta som arrangerte, og vi var ca 40 samla på Ørsta vidaregåande skule.

Hovudposten denne kvelden var ved Betty Søvik som er tilsett i 50% stilling som diakon i Ørsta. Ho er frå Namibia, men gift med ein mann frå Ørsta. Ho fortalde om oppvekst og fattige kår i Namibia, og kva det betyr å få utdanning spesielt for jenter.

Inntekta av loddsalet gjekk til Misjonselskapet sitt prosjekt i Bankok, til ein barneheim som blir driven der.

Februar

Dette var første medlemsmøtet i sanitetslokalet på Bakk-Ola-marka , som er det nye møtelokalet vårt. Leiar i Ørsta sanitetslag Turid Åmbakk, orienterte om arbeidet som dei driv og gav eit historisk tilbakeblikk sidan skipingsmøte i 1940. Dette var emne som engasjerte, for fleire IW-damer kunne fortelje om tiltak i sanitetsgregi som dei hadde vore med på.

Så var det årsmøtesaker og val

Det er tidlegare bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret, så ikkje noko rekneskap blei lagt fram på dette årsmøtet.

Mars

Det var ikkje vanleg medlemsmøte denne mnd, men vi var likevel godt engasjerte:

Distriktsårsmøte i Ålesund 8.-10. mars

Eldrefest arrangert saman med Rotary 12.mars

Rosesal 16. mars

April

Vi hadde ingen inviterte gjester på aprilmøtet, men det var fullt program heile kvelden med mykje informasjon.

President Sigrun hadde eit fyldig referat frå distriktsårsmøtet.

Kari fortalde engasjert om ein tur til Tyrkia i februar d.å.

Marit hadde «3 min», der ho skildra ein tur til New York i november i fjor.

Det vart eit triveleg møte som president Sigrun losa oss vel gjennom.

Mai

Eit nydeleg vårver med 20 varmegrader og sprettande bjørkelauv, danna ramma kring utflukta vår den 8. mai. Vi var 15 medlemmer som tok turen, via Kvivsvegen til Grodås.

Første stopp var Anders Svor-museumet med god guiding av Fritjof Urdal.

Etter denne interessante synfaringa, reiste vi til Raftevoll hotell der vi fekk servert laksesmørbrød, kaffi og eplekake.

Etter ein del orienteringssaker og god og hyggeleg prat rundt borda, drog vi heim att med gode minner om ein vellukka og triveleg vårtur.

Juni

Sommarfesten som markerer avslutninga på IW-året, vart også i år feira saman med Rotary.

Vi var ca 40 stk samla på Rjånes Ungdomssenter.

Turid Karlsbakk blei teken opp som nytt medlem i Ørsta IW – klubb.

Hovudposten denne kvelden var ved Ragna Riise. Det var gripande å høyre henne fortelje om

Riise-ulukka i februar 1968. Ho viste også filmen som er laga om denne ulukka, der fleire av dei involverte blei interjuva.

Ragna (86) fekk rose og takk for at ho delte opplevinga og tankar med oss.

Kaffi, smørbrød og kaker blei servert medan praten gjekk livleg rundt om ved borda og loddsalet gjekk unna.

Vi fekk inn kr. 7490.- Dette blir sendt til prosjektet vårt «Svalene», ein jenteskule i Peru.

«3min» var ved Solrun, som fortalde om arbeidsplassen sin som er Ørsta vid. Skule, der ho er ass. rektor. Før president Sigrun takka forsamlinga for ein kjekk kveld i lag,var det det høgtidlege president/styreskifte.

 

Det har vore 1 styremøte dette vårsemesteret, der 7 saker vart handsama.

Vi er framleis 30 medlemmer i klubben. Eitt medlem har meldt seg ut grunna flytting til annan del av landet og eitt nytt medlem er teke opp i klubben.

 

Dei som har hatt «runde dagar» har fått gratulasjonsmarkering med orkide.

Eli Berit Strande

-sekretær –

___________________

 

Referat frå sommarfesten 04.06.13 saman med Rotary.

Også dette året inviterte Ørsta Inner Wheel   til sommarfest på Rjånes Ungdomssenter.

Då president Sigrun ønskte velkomen, var 22 IW medlemar frammøtte, og saman med Rotary var vi vel 40 personar  samla.

Til opning song vi ”Du skal ikkje sova bort sumarnatta—“ og Berit spela piano til songen.

Så var det lyssermoni og opptak av Turid Karlsbakk som nytt medlem i ØIW-klubb.

Hovudposten denne kvelden var ved Ragna Riise.

Ho fortalde om Riise-ulukka og snøfonna som gjekk den18 februar 1968 kl 01.30 om natta.Der budde på den tid 20 personar på Riisegardane og 17 av 20 hus blei heilt knuste i raset.

Ragna fortalde gripande om denne hendinga der ho sjølv blei begravd i snøen og kunne ikkje røre ein finger i dei ca 2 timane ho låg under snøen.

Ho kunne høyre barnegråt som etter kvart stilna. Det var yngste sonen, Ivar som omkom i raset.

Ekteparet Tostein og Hjørdis Årset omkom også.

Knut Riise som då var 20 år, klarte på ein mirakuløs måte å kome seg fram i dei svære snømassene og hente hjelp frå Sæbø. Han fekk slått inn brannsirena og både lege og leitemannskap kom til etter kvart. Ragna trur at det var Knut å takke at der ikkje gjekk til fleire liv.

I eit hus der 3 søsken budde, var både folk og hus uskadde. Denne heimen blei brukt som samlingsstad etter kvart som folk blei grevne fram. Også sonen Aril blei hardt skadd, men dr. Ljones klarte å berge han. Dottera til Ragna blei også skada,men eldste guten unngjekk ulukka, då han ikkje var heime.

Ragna viste filmen som er laga om denne ulukka. Det var rørande å sjå og høyre. «Ein kjem styrka ut av noko så fælt», sa Knut avslutningsvis i filmen.

Ragna fekk rose og stor takk for at ho delte opplevingar og tankar med oss.

Matpausen var lang og god og loddsalet gjekk unna med Kjellfrid, Solrun og Marit som loddseljarar. Mange fine gevinstar blei fordelte. I alt kom det inn kr. 7490.- som blir sendt til prosjektet vårt, «Svalene», ein pikeskole i Peru.

Pres. Sigrun las brev frå distr.pres Liv Skudal. 25 nye medlemar er teke opp i D 27 dette året , men 2 klubbar har gått inn. Liv Levin frå Kobbervik blir ny redaktør, og Britt Indresøvde blir viserådspresident.

Steinar Hatlestad fekk overrekt vinflaske som takk for sjåfør-jobb på turen vår i mai.

ISO Berit la fram prosjektforslag frå Finnland, Dannmark og det Norske der klubben frå Fauske hadde eit godt utarbeidt forslag . Dette stemte vi for. Det var barneheimen «Egipatsko selo» i Bosnia Herzegovina i byen Moster. Denne heimen er for foreldrelause born og born med nedsett funksjonsevne. Der er plass til 50 born i alderen 5-22 år. Der er 12 tilsette. Her trengst støtte, men dei sjølve prøver også å skafffe midlar t.d. starte frisørsalong, bruktkle butikk, helsestudio.m.m

14 stk har meldt seg på turen til Ljungby.

«3 min» hadde Solrun og ho fortalde om arbeidsplassen sin, som er Ørsta vidaregåande skule, der ho er ass. rektor. Der er 80 tilsette , 60 er pedagogar. Elevtalet er 310, derav 10 % med minoritetsbakgrunn. Skulen har fått godt renomè og der er liten strykprosent. Der er også intensiv-kurs om sommaren.

Før president Sigrun takka forsamlinga for ein kjekk kveld i lag, var det det høgtidlege president/styre skifte. Dei som gjekk ut av styret, blei takka  med ei rose, og dei nye blei ønskt velkomne inn.

President Sigrun overlet presidentkjedet til Jenny, som er den nye presidenten i 2013/2014.

Sigrun har gjort ein glimrande presidentjobb dette IW-året og ho blei takka med gode ord og rose.

Til slutt ønskte vi kvarandre ein god  og innhaldsrik sommar.

 

Klubbtur 8. mai 2013

Eit nydeleg vårver med over 20 varmegrader og sprettande bjørkelauv danna ramma kring utflukta vår. Vi var 15 IW som hadde meldt

oss på, og Steinar stod klar med Sparebankbussen kl. 18.00

Turen gjekk via Kvivsvegen til Hornindal.

Første stopp var på Anders Svor museet. President Sigrun hadde ordna tid og bestilt guide.

Guiden heitte Fritjof Urdal og kom frå Førde til dette oppdraget. Han er tilsett i Sogn og Fjordane kunstmuseum. Han var ein fargerik person som underheldt og informerte oss i ca 1 time.

Anders Svor var bondegut fødd 14 desember 1864 på garden Svor i Hornindal. Alt som gut viste han uvanlege evner i treskjering, noko som skulle verte starten på kunstnarlivet hans. 17 år gammal reiste han til Kristiania,der han tok til som treskjerar ved brødrene Hals sin pianofabrikk.Seinare  vart han elev ved Den Kgl.Tegneskole. 21 år gammal drog han til København, der han vart elev ved Københavns Kunstakademi. Sitt gjennombrot som bilethoggar fekk han under den internasjonale kunstutstillinga i Berlin i 1891 der han fekk gullmedalje.

Seinare deltok  han under fleire kunstutstillingar i Kristiania, vidare i København, Paris og Chicago. I 1891 sigra han i konkurransen om Tordenskjoldmonumentet i Noregs hovudstad.

Men han fekk ikkje utføringa av denne ,noko som vart eit hardet slag for den unge kunstnaren. Anders Svor budde ei tid i Paris, men slo seg ned i Kristiania, der han hadde atelieret og bustaden sin. Han levde einsam og døydde 2 mai 1929. Han er gravlagd på Hornindal  kyrkjegard.

I 1953 vart Anders Svor Museum opna i Hornindal. Her er dei fleste av arbeida hans samla i alt 450.

Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag.

1 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom.

Vi kunne sjå skulpturar av B. Bjørnson, F. Nansen, O. Bull, KM Falsen, R. Amundsen, S. Foyn,

K. Mikkelsen, P. Wessel, E. Munch osv, ofte med «artibuttar» som viste kva dei var kjent for.

Han arbeidde svært mange år med H. Ibsen og hans verk.

Dei fleste av arbeida hans er støypt i bronse etter at dei blei flytta til museet på Grodås.

Nokre av Anders Svor sine arbeid er plassert  kring om i landet. Her kan nemnast: Oslo, Moss, Trondheim, Porsgrunn, Horten, Tønsberg og Bergen.

Etter denne interessante synfaringa, reiste vi til Raftevoll hotell der vi fekk servert laksesmørbrød, kaffi og eplekake.

President Sigrun hadde ein del orienteringssaker og minna bl.a om vårfesten på Rjånes den 4 juni

kl  19.00. Alle medlemane tek med mat, kaffi, gevinst kopp og asjett og sjølvsagt loddpengar–

ISO Berit las brev frå DISO, og orienterte vidare om Ljungbyturen. 12 stk er påmelde.

Det ser ut til å ordne seg med buss, og Steinar har lova å vere sjåfør.

Berit kallar inn reisegjengen til planleggingsmøte.

Rosesalget gav dessverre ikkje det overskotet som vi hadde rekna med. Vi måtte betale kr. 6600.- for rosene, men kr. 6000.- blei sendt til narkotikahundprosjeketet.

Steinar fekk ros og takkord for fin køyring.

Dette var ei veldig vellukka og triveleg utflukt!!! Det meinte alle som var med på turen.

Referat frå møte 3.april

19 medlemar møtte denne kvelden.

Til opning song vi «Alle fugler» , og Berit akkopagnerte på piano.

President Sigrun starta med å fortelje frå «Ryst sammen» 8 mars og DÅM 9-10 mars 2013.

Tidlegare IIW president Erna Fandal var innvitert der, og ho blei utnemnt til æresmedlem, noko som ho sette stor pris på.

Av referatet kan elles nemnast at auking av medlemskontingent blei ikkje vedteke.

–        Solrun Sætre  Ørsta IW blei utnemnt til distriktsredaktør. Funksjonstid 3 år.

–        Km godtgjerdsle blei vedtatt auka frå kr. 2.50 – 3.50 pr. Km

–        Handlingsplanen skal « gå « i alle høve 2 år til.

–        Britt Indresøvde Volda IW stiller som kandidat til viserådspresident

–        Vatne /Tennfjord og Trondheim Lade IW-klubbar blir begge lagt ned  frå 30/6-2013

–        Det skal vidare jobbasst med retningsliner for fadderskap og ivaretaking av observatørar.

–        Oppmoding til alle klubbane om å søkje tilskot til å delta på DÅM.

–        Frode Tafjord frå Cammillastiftelsen takka for kr. 30 000.- frå DÅM

–        ISO/Diso møte blir 6-8 september på Gardermoen.

–        Solveig Kristoffersen blir neste distriktspresident

–        Neste års DÅM blir 29-30 mars i Tromsø.

President Sigrun gav ros til eit vel gjennomført årsmøte.

Mange av medlemane våre reiser mykje, og på dette møtet fekk vi reiseskildring frå Kari Rogne som hadde vore i Tyrkia i februar i år. Ho gav eit interessant og detaljert bilde av opplevingar frå turen, og då spesielt frå besøket til Kappadokia (1000-1200 o.h) dette er eit gammalt vulkanutbrot og blir også kalla Lilleasia.17 e kr blei dette ein provins i Romerrike.

Der er mykje historie knytta til området der,og ho hadde mykje å fortelje om kyrkjer bygd i fjellet, om moskear om folkeliv og tradisjonar, om tyrkisk bad i Gøreme, om underjordisk by, om kvinner som lagar dukker og knyter teppe o.s.v

Under kaffipausen  fekk Eldbjørg Lefdal overrekt orkide og gratualsjonshelsing. Ho fylte 80 år 14. mars -13.

ISO Berit orienterte om reisemåtar til Ljungby i august d.å.Siste frist for påmelding er den 17 april. Dei som då er «reiseklare», blir kalla saman til drøfting/informasjonsmøte.

Ho las også brev frå Diso Mona.

Riso deltek på ISO/DISO-treffet på Gardermoen.

Rosesalet gjekk fint. Det kom inn kr. 12 821. Rekning frå blomsterhandlar er ikkje kome, men nettoresultatet blir sendt til narkotikahundprosjektet.

Mai-møtet blir utflukt til Horningdal. Først på Svor museet og sidan til Raftevoll hotell til kaffi og mat. Det blir arrangert felleskøyring. Oppmøte på Sparebanken 8. mai -13 kl. 18.00

Eldrefesten var vellukka. Ca 160 møtte og frå ØIW var der 19 medlemar. Overskotet frå festen blir delt mellom dei to klubbane.

Marit hadde 3 min. og fortalde frå ein tur til New York i november 2012.

Kjellfrid delte ut brev frå Svalene.

Sjølv om vi ikkje hadde inviterte gjester, var det fullt program heile kvelden med mykje informasjon. Alt i alt eit triveleg møte som presidenten losa oss vel gjennom.

 

Referat frå årsmøte  6 februar 2013.

19 medlemmer og 1 observatør møtte denne kvelden.

Møtet vart halde i det nye lokalet vårt som er Sanitetslokalet på Bakk-Ola marka. Det gamle

møtelokalet vårt i Nordeabanken, kan vi ikkje nytte lenger då huset er selt og det blir anna bruk av bygninga.

President Sigrun ønskte alle vel møtt før vi song Samlesongen.

Formann i Ørsta Sanitetslag Turid Åmbakk, var invitert til å fortelje litt om det arbeidet som sanitetslaget driv. Dei har mange lokale og nasjonale tiltak som dei støttar både med pengar og med diverse tilstellingar. Pengane får dei ved salg av fastelavensris, basarar o.s.v

Skipingsmøte var i 1940, og der var då 640 skrivne medlemar. Både under krigen og i ettertida har dei hatt mange oppdrag som viser at: »Saniteten går føre», og så kjem gjerne det offentlege på bana etter kvart.

Utdeling av tran, folketannrøkt til alle skuleborn, « svenskesuppe», enkeltmannspakkar, førstehjelpskurs, folkebadet,sengklede og handklede til Finnlandshjelpa, helsestasjon for born,utlån av sjukekorg (båre).støtte til lokale helsefremjande tiltak. Dette var noko av dei tiltaka som blei nemnt.

Turid hadde med ein handskriven protokoll frå den første tida, og der var mykje informasjon om kva «fruene» engasjerte seg i og fekk utretta. Denne protokollen vil Turid få avskriven, slik at den kan bli tilgjengeleg opplysning for fleire.

Sanitetslokalet blei kjøpt  då Bakk-Ola marka blei bygd.

Fleire av IW-medlemane kunne fortelje om hjelpetiltak som Saniteten stod for, men som dei hadde vore med på.Dette var tydeleg eit emne som engasjerte.

Etter matpausen  var det valg.

Pastpast president Åshild Taklo la fram valgkommiteen sitt forslag til nytt styre.

Alle kandidatane var spurde på førehand. Alle styremedlemane blei valde med akklamasjon.

Det nye styret 2013/2014 blir då:

President         :           Jenny Godø Vatne

Visepresident  :           Eli Øvstegård Lannerholm

Kasserer          :           Kjellfrid Osdal

Sekretær         :           Eli Berit Strande

ISO                 :           Norunn Palma Brekke

Styremedlem  :           Kirsti Vinjevoll

Past president :           Sigrun Myklebust

Revisor                        :           Marit Aasen

Det er tidlegare bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret, så ingen rekneskap blei lagt fram på årsmøtet.

Halvårsrapporten blei utdelt til alle.

President Sigrun las brev frå distr pres Liv Skudal og IIW pres Carole Young.

Det var også informasjon om Nordisk Rally i Sverge september 2013.

Ho minna også om innbydinga til vennskapsklubben i Ljungby  i august 2013.

Fistulaprosjektet er igang igjen og jordmødrene er på plass.

Det var orientering om eldrefesten  som blir arrangert  saman med Rotary den 12 mars 2013 kl. 18.00 på samfunnshuset i Ørsta. Medlemane tek med bløtkake og ei kanne kaffi.

Dei  frå Bondalen som treng skyss til festen, kan henvende seg til Ragna Riise, så vil ho samordne skyss.

Vidare vart det orientert om rosesalget som er den 16 mars 2013. ISO Berit hadde laga liste for salget og desse blei delt ut. Styret kjem saman fredag 15 mars for å klargjere rosene for salg.

Det er 11 stk frå  Ørsta IW som har meldt seg på festen til Volda IW sitt 25 års jubileum den 8/2-13

President Sigrun orienterte litt om saker til DÅM (distriktsårsmøte) i Ålesund 8-10 mars 2013

Der er m.a forslag om auke av kontingenten og forslag om auke av km godtgjerdsle

frå kr. 2.50 til kr. 3.50 pr. km for bruk av bil.

« 3 min.» innslaget gjekk ut p.g.a sjukdom.

Det såg ut til at medlemane hyggja seg godt i det nye lokalet. Der er heimekoseleg og med gode

sofaer å sitje i.

Eit medlem sa at «dette er nett som i gamle dagar, då vi hadde møta i heimane våre»

President Sigrun  takka  for samværet , og minna til slutt om alle «gjeremåla» i mars månad.

FELLESMØTE MED VOLDA IW 9.januar

I fleire år har vi hatt sammøte med Volda IW-klubb i samband med den internasjonale IW-dagen. (10januar). Slik blei det i år også, og det var Ørsta IW som inviterte Volda IW.

Vi hadde møtet på Ørsta vid. skule («Husmorskulen»)

Vel 40 personar var samla der til ein triveleg kveld.

Etter velkomsthelsing ved pres. Sigrun, var det lyssermoni. Ei høgtidleg opning der forsamlinga reiste seg og song: «Tenn lys»

Hovudposten var ved Betty Søvik. Ho er frå Namibia, men har gifta seg med ein mann frå Ørsta. Dei har vore busette i fleire land. Betty fortalde om oppvekst i fattige kår i Namibia, og kva det betyr å få utdanning, spesielt for jenter. Ho sa  at ho hadde vore heldig som var godt utdanna og ho takka Gud for leiing gjennom livet.

Ho er no tilsett i 50 % stilling som Diakon i Ørsta.

Vi hadde invitert pressa og journalist Ingvild Runde dekka dette med ei heil side reportasje og bilde i lokalavisa «Møre-Nytt».

Sekr. har også sendt reportasje om dette til distr. redaktøren B. Kirkpatrick

Kopi blir også limt inn i møtejournalen.

Inntekta av loddsalet denne kvelden, gjekk til misjonsselskapet sitt prosjekt i Bankok i Thailand

til ein barneheim som blir dreven der for born frå 6 mnd til 3 år. (40 born tilsaman)

Praten gjekk livleg rundt borda, og vi fekk tid til ein god matpause med smørbrød og kaker.

ISO Berit var pianist til allsongane, og president i Volda Else Mari Holsvik hadde «3 minutt» Ho tok fram diverse hjelpeorganisasjonar som t.d SOS-barnebyer og minte om at det som for oss er små givarsummar, kan bety svært mykje for dei som tek imøt støtta.

Ein del orienteringssaker frå begge klubbane vart formidla.

Påmeldingsliste til «Ryst sammen» 8 mars i Ålesund og til jubileumsfest i Volda den 8 februar, blei sendt rundt.

Vi song til slutt «De nære ting», og president Sigrun takka for eit hyggeleg samvær.

Eli Berit Strande

-sekretær-

Julemøte 11. desember 2012. 

Stad:               Rekkedal Gjestehus.

Tilstades:         Rotary medlemar og Inner Wheel medlemar m/ følge.

Det har etter kvart vorte ein tradisjon med felles julemøte noko som fungerar svært godt.

Etter oppmøte i «Løda» til gløgg, samlast vi i «Ny-stova» der det var pynta til fest.

Rotary-pres. Arnstein Nupen leia festen.

Vi fekk servert nydeleg julemat med pinnekjøt, riskrem og kaffi.

Vi song fleire julesongar og Berit Hatlestad spelte piano.

Matias Autrheim hadde juleandakt.

Inntekta av loddsalet gjekk til Rotary-prosjektet TRF som er Rotary foundation prosjekt David school i Sierra Lione.

ISO Berit  las julehelsing frå IW sin venskapsklubb i Ljungby i Sverige, og fortalde at dei innviterar til gjenbesøk der i august 2013.

Praten gjekk livleg rundt borda og det var ingen tvil om at festlyden hadde det hyggeleg.

Festleiaren takka for ein triveleg kveld før vi ønskte kvarandre

GOD JUL og song saman «Deilig er jorden»

Frå IW var der 19 medlemar.

Eli Berit Strande

– sekretær-

Medlemsmøte 7.november 2012

Denne kvelden hadde vi medlemsmøtet vårt på Ørsta Kulturhus (kantina).

Vi var 19 stk. inkludert ein observatør(Turid Karlsbakk)

Det var visepresident Jenny Godø Vatne som leia møtet då pres Sigrun melde forfall (beinbrot)

Etter at vi hadde sunge oss saman med songen:» Vi tror vi tror på IW—», fekk kveldens

hovudgjest Reidun Åmbø, ordet.

Ho heldt eit svært interessant og engasjerande foredrag. I 45 minutt, fortalde ho om tida si ( 21 år)

med elevar frå ulike kulturar på Høgskulen i Volda. Ho har hatt elevar frå 91 ulike land.

Ho gav mange døme på «kor feil» mange ting kan bli i det fleirkulturelle samvær p.g.a at vi har ulike normer, ulike tolkningar og ulik betydning av kropps språket.

Ei vanleg høflegetsfrase med oss, kan vere direkte uhøfleg i andre kulturar.

Banke på døra t.d. ser vi på som høfleg, medan andre seier at det er berre tjuvar som bankar på for å finne ut om der er folk heime—

Ei risting på hovudet kan t.d bety «ja». Matskikkane er svært forskjellige og det er vanskeleg å

gjere rett.

Reidun  fekk applaus,  rose og ei velfortent takk for foredraget.

 

Visepres. Jenny las brev frå distr. Pres. Liv Skudal. Ho brenn ekstra for at arbeidet vårt også må dreie seg om hjelp til born og då spesielt hjelp til utdanning og helse.

 

Etter matpausen og loddsalg med trekking av blomstergevinstar, orienterte Eli Berit om møtelokalet vårt i framtida.

Vi får ikkje lenger ha møtelokalet vårt i Nordea banken. Banken skal flytte til andre lokaler og nye brukarar skal inn. Styret har jobba med saka og mange forslag har vorte vurderte. Hotellet har vore eit av forslaga og nokre av medlemane har hatt ønskje om det, men tilbodet vi fekk var å betale kr. 2000.- pr kveld  ikkje fast lokale og mat i tillegg, Det gode tilbodet som Rotary har fått der, kunne ikkje gjevast til oss også. Heldigvis har vi fått ei god avtale med Sanitetslaget. Vi får leige lokalet som dei har på Bakk-Ola- Marka 2 etg og  vi skal betale kr. 15.- pr person pr. møte.

Første møte der blir februarmøtet den 6/2-13

 

Kari orienterte om valg og oppmoda medlemane om å vere villege til å ta på seg verv, slik at det ikkje blir dei same personane som har verv heile tida.

 

Norunn hadde 3 min som handla om internasjonal kvinnesolidaritet og ho minna om at det er  viktig å tenkje på det i kvardagen ikkje berre i «fest-taler»

 

ISO Berit informerte om FN`S kvinnekonvensjen som skal vere 4-8 mars 2013 og at det er høve til å søkje Focus reisestipend. Evt. interesserte kan ta kontakt med Berit

Ho fortalde vidare at på fellesmøtet med Volda IW den 9jan 2013 som skal vere på Ørsta v. skule (Husmorskulen), kjem Betty Søvik. Ho er frå Namibia og er nytilsett kateket i Ørsta

 

Før visepres. Jenny takk for samværet song vi  «Vennesangen»

 

Medlemsmøte 3.oktober 2012 

Etter at president Sigrun hadde ønskt dei 17 frammøtte medlemane velkomne, song vi»Hu hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet»

Kveldens hovudprogram var ved Turid Karlsbakk. Ho har nett gitt ut ei bok som ho har skrive om far sin, Jonas Karlsbakk, og  tida før, under og etter Grønlandsopphaldet hans.

Far hennar var fødd i 1895 og han døydde i 1970, då var Turid 25 år gammal.

Boka har tittelen:»Gripen av Grønland». Ho fortel at ho blei ikkje riktig kjend med far sin medan han levde, men gjennom å lese dagbøkene som han skreiv, og å «få gå i fotefara hans» på Grønland, så har ho vorte kjend med ein fantastisk far.

Turid har to tvilling-halvsøstre frå faren sitt første ekteskap. Første kona døydde i barsel medan Jonas var vekke og dreiv fiske. Det var familien som tok seg av dei to småjentene.

I 1927 var desse jentene vorte 6 år gamle, og då drog Jonas til Gønland med båten «Hird» og eit mannskap. Fangstmålet var jakt på isbjørn og rev og det var skinnet av dyra som var ettertrakta og som skulle gi ei bra avkastning.

Dei levde nær alt, alltid på jakt, alltid på vakt.

Båten blei øydelagd og dei måtte overvintre på Grønland – på Eirik Raudes land. Dei mange historiene frå tida der blei  skrive ned i dagbøkene.

I 1990 fekk Turid og halvsøstra Jona, vere med eventyraren Ragnar Torset m/fl til Gønland med båten «Havella».

Det var ein liten båt og mykje sjø og det var eit under at vi overlevde, sa ho.

Det var ei historisk oppleving der dei fann vraket av «Hird» og restar av fangsthyttene som

Jonas Karslbakk hadde bygd og budd i på Grønland.

«Ei fantastisk oppleving å vandre i spora til far 63 år etter», sa Turid.

Mange av medlemane kjøpte boka, og ho fekk rose og takk for eit svært interessant foredrag.

Jenny refererte frå Intercity-møte i Volda. Der var 6 medlemar frå Ørsta  IW tilstades.

Norunn fortalde frå ISO/DISO treffet på Gardermoen 15 -16 sept.-12 ( Ho reiste i staden for ISO Berit).Ho refererte grunndig og fint og hadde hatt stort utbytte av å delta der. Ho bad oss vere meir bevisst på kva internasjonal forståing er ,og minte om å vidareføre dei prosjekta som er på gang.

ISO Berit las frå NMS`misjonsblad der Fistula-prosjektet var omtala og der var det gitt ros til «dyktige og engasjerte IW damer».

 

Ragnhild Ørstavik Øye fyller 80 år den 31 oktober -12 og ho fekk gratulasjonsorkide`frå klubben.

Ho er ei av dei mest trufaste til å delta på alle IW møta/arrangementa.

Eldbjørg hadde «3min.» der ho fekk forsamlinga engasjert i emnet som ho tok opp ;nemleg musikk/songval i radioen. Program og songar passar dårleg saman og det er alt for lite norsk tekst.

Ho har teke kontakt med programansvarleg, men fekk til svar at :»Det er lista frå Tyholt i Trondheim som bestemmer kva som skal sendast».

Kanskje kan dette takast opp vidare t.d med den nye kulturministeren?

 

På slutten av møtet, var det mange som delte ferieopplevingane sine. Mange av medlemane reiser mykje. Kanskje skulle vi vere flinkare til å bruke»eigne krefter» som programpostar på møta våre?

På neste medlemsmøte blir Reidun Åmbø med og fortel om arbeidet med utanlandske studentar på Høgskulen i Volda.

Vertinnene denne gongen var Sigrid og Åshild. Møtelokalet vårt var reinska for stolar og bord, så dei hadde ein del arbeid med å få dette på plass frå eit anna rom. Det vart fortalt at rommet blei brukt til andre føremål (pilates). Dette blir ei oppgåve på neste styremøte for å finne ut korleis dette heng saman, og kva som vil skje med møterommet vårt.

Åshild hadde baka nydeleg kake som vi koste oss med.

Loddsal og song fekk vi også tid til før presidenten takka for ein triveleg kveld,

Eli Berit Strande – sekretær –

Medlemsmøte 5. september 2012.
Den nye presidenten Sigrun Myklebust, ønskte velkomen til nytt IW-år.Berre 16 medlemar var tilstades. Sigrun hadde ein del informasjon, blant anna så las ho brev frå Distriktspresident Liv Skudal og Internasjonal IW president Carole Young. Verdspresidenten sitt motto er: «Ver en venn». Distriktspresidenten hadde rekruttering i tankane, og oppmoda  klubbane om å få minst to nye medlemar i kvar klubb. Ho vil vere tilstades på Intercity-møte i Volda 23 september, og det er einaste «treffet» med Ørsta IW-klubb.

ISO Berit oppmoda ein av medlemane til å reise på ISO/DISO-treff 15.-16. sept.-12 då ho er forhindra i å reise. Treffet er denne gongen på Gardermoen. Truleg reiser Norunn Brekke.  Ny DISO er Mona Sissel Emanuelsen frå Fauske.

Sekretær Eli Berit delte ut og orinterte om «Blåboka».Ho hadde vidare ein del spørsmål som medlemane måtte leite opp og finne svar på  og kvar det står i blåboka. Ho oppmoda om å bruke boka og å gjere seg kjend med innhaldet.

Halvårsrapport våren 2012 og ein ny «Foldar» med opplysning om bl. a 3 min., vertinner, møtedagar og arrangement og styret med adresseliste, blei også delt ut av sekretæren.

Berre to medlemar skreiv seg på liste til Intercitymøte i Volda. Sekretæren tek kontakt med dei som ikkje var på møte for å orientere om Intercity-møte den 23 september på Volda turisthotell, og ta immot evt fleire påmeldingar og rapportere dette til presidenten i Volda IW. Ørsta er også bedne om å ha takk for maten tale og ei orientering om arbeidet i klubben siste året.

Tidlegare kasserar Marit Aasen la fram rekneskapen 2011-2012 revidert av revisor Kjellfrid Osdal. Rekneskapen følgjer no IW-året.

Styret var vertinner denne kvelden, og den bestemte menyen med rundstykke og kaffi blei servert.

President Sigrun overrekte orkide til:

Ragnhild Høydalsvik 70 år 16/9-12

Solrun Sætre               60 år 22/9-12

Liv Grete Løken         60 år 7/5-12

Åshild Taklo               70 år 22/9-12

Presidenten takka for møtet og ønskte at dette måtte bli eit godt IW-år for oss alle.

Eli Berit Strande -sekr.-

Halvårsrapport for våren 2012

Denne våren har vi hatt 5 medlemsmøte. Frammøte har variert mellom 13 og 24 som gir eit snittresultat på 58,6 %.

Januar:

Dette var fellesmøte med Volda IW som dei arrangerte på Bakk-Ola marka, ein institusjon i Ørsta. Merete Heggedal Longvastøl var der og fortalde om sitt forhold til ein barneheim i Bolivia, der ho er «tante» til 100 born. Barneheimen heiter  « Hogar Shalom es mi casa» og tyder Fred.Ho skildra naud og hjelpetiltak der.

Inntekta av loddsalget denne kvelden kr. 4000.- gjekk sjølvsagt til denne barneheimen.

Februar:

Vi var samla i lokalet vårt i Nordea-banken. Merete Flø som var heime i Ørsta på ein snartur, fortalde om opphaldet sitt på Bjørnøya. « Vaktlaget» blir skifta ut kvart ½ år og det tel berre 9 personar som er det totale antal personar som er på Bjørnøya.

Det er verobservasjon og rapportering som er arbeidet til vaktlaget på Bjørnøya.Ho engasjerte oss med eit interessant foredrag om tida der.

Denne kvelden blei to nye medlemar teke opp i Ørsta IW-klubb. Det er Norunn Brekke og Liv Grete Romestrand Løken.

Det var val av nytt styre som då får denne samansetninga 2012-2013.

President       :           Sigrun Myklebust.

Visepresident           :           Jenny Godø Vatne.

Pastpresident            :           Kari Juel Rogne.

Kasserar                       :           Kjellfrid Osdal

ISO                                 :           Berit Hatlestad.

Sekretær                        :           Eli Berit Strande

Styremedlem            :           Eli Øvstegård Lannerholm.

Revisor                           :           Marit Aasen.

Rekneskapen blei lagt fram av kasserar. Frå neste gong er det bestemt at rekneskapen skal følgje klubbåret.

Mars:

Deltaking på distriktsårsmøte i Bodø.(President og visepresident )

Rosesalg. 600 roser selde og kr. 7000.- sendt til narkotikahundproskjektet.

Eldrefest arrangement saman med Rotary. Ein vellukka fest, og fyldig referat i lokalavisa «Møre Nytt» etterpå.

April:

På medlemsmøte denne månaden, var det vår nye rådmann Wenche Solheim som var invitert. Her var det mange som gjerne kunne diskutert mykje for dette var aktuelle saker som blei framlagt. Ho har mange tankar om korleis kommunen kan styrast og medlemane har ønskje om korleis bli styrt, men så er det desse pengane som bremsar— eller rettare sagt mangel på sådanne. Ho fekk rose som takk for eit ¾ t interessant foredrag.

Det blei referert frå distriktsårsmøte i Bodø.

Det er no 11 klubbar i D-27

Mai:

24 medlemar var glade for å reise på tur, så Ragnhild Ø Øye fekk storbesøk på hytta si på Urke. Ho og mannen Bjarne, serverte nydeleg kjøtsuppe og vertinnene Jenny og Eli hadde baka kake. Diverse programinnslag og livleg prat rundt borda vitna om ein svært hyggeleg kveld. Busstur med Steinar Hatlestad som sjåfør set vi alle stor pris på og det gjer utflukta ekstra kjekk.

Juni:

Det har i mange år vore tradisjon å avslutte vårsemesteret med ei sommarutflukt saman med Rotary. Så også denne gongen.Vi var på Rjånes Ungdomssenter. Hovudposten var ved Gunnar Ellingsen som fortalde om Raudøyholmen si historie heilt tilbake til 1700 talet.

Raudøyholmen som er 27,5m høg og har eit areal på 30 mål, er næraste nabo til Rjånes Ungdomssenter. Her var industri og busetnad fram til 1917. Han gav oss eit svært godt og interessant foredrag.

Ragna Riise fylte 85 år denne dagen og ho blei sjølvsagt gratulert og hylla med flagg, ballongar song og gåve, noko den spreke dama tok vel imot og heldt ei flott takketale.

Eit bugnande matbord og god prat rundt borda vart det tid til før loddsalget .

På loddsalet kom det inn kr. 5360.- som blir sendt til Svalene.

Diverse programinnslag og fellessong blei unnagjort, før det høgtidlege president og styreskifte. Dei som gjekk ut av styre, blei takka for innsatsen og dei nye blei ønskt velkomne inn i styret. Sentralt her er presidentskifte: Kari Juel Rogne fekk velfortente gode ord og takk for at ho har vore ein solid og dyktig president. Kjeden blei høgtidleg overrakt til Sigrun Myklebust som no er ny president og er klar til å «føre skuta» inn i eit nytt Inner Wheel år 2012-2013.

Det har vore 3 styremøte dette semesteret og 15 saker er handsama.

Eit mangeårig og trufast Inner Wheel medlem har p.g.a sjukdom meldt seg ut av Ørsta IW-klubb denne våren. Det er Kjellaug Øyehaug.

Eli Berit Strande

-sekretær-

Referat frå medlemsmøte Ørsta IW den 12 juni 2012.

Det har lenge vore tradisjon å avslutte vårsemesteret med ein sommarfest saman med Rotary. Så også i år på Rjånes Ungdomssenter. Styremedlemane hadde pynta fint med blomster og lys på borda og etter kvart vart det eit flott og bugnande matbord då det også er vane at medl. tek med mat på fat og kaffi/te.

Pres. Kari ønskte velkommen og vi song oss saman med «Å Vestland Vestland»

Hovudposten var ved Gunnar Ellingsen. Han fortalde om Raudøyholmen si historie heilt tilbake til 1700 talet. Raudøyholmen som er 27.5 m høg og på 30 mål , er næraste nabo til Rjånes Ungdomssenter . Det var såleis ekstra interessant å få sitje å sjå dit samtidig som Gunnar gav oss eit foredrag fullspekka med årstal og opplysningar om eit aktivt industriliv på øya og der det har vore fastbuande heilt fram til 1917. Han hadde også ein del bilder og kart som blei lagt fram.Ei velfortent rose fekk han som takk for eit svært interessant foredrag.

Ein av våre sprekaste medlemar, hadde fødselsdag denne dagen. Det var Ragna Riise som fylte 85 år.Ho blei sjølvsagt gjort stas på med ballongar,flagg,song og gåve, før vi tok ein lang matpause med hyggeleg «drøs» rundt borda.

Ved loddsalget kom det inn kr. 5360.- Dette blir sendt til Svalene.

ISO Berit las brev frå Ljungby IW der dei inviterar til gjenbesøk i 2013.

3 min. var ved Anne- Mari Øyehaug. Ho fortalde om korleis Kristian den tredjes bibel frå 1550 vart overlevert i Hjørundfjord kyrkje via Kvalsvikbrødrene.

Presidentskifte og styreskifte, gjekk greit unna. Marit Åsen, Sigrid Hovden og Åshild Taklo fekk takk og rose for innsatsen i styret , medan Jenny Godø Vatne, Kjellfrid Osdal og Eli Lannerholm går inn i det nye styret.

President Kari Juel Rogne blei takka av innkomande president Sigrun Myklebust. Ho fekk rose som takk for ein flott innsats og god leiing i dette IW-året. Presidentkjeden blei overrakt til Sigrun Myklebust som no er den nye «skipperen» på IW-skuta i 2012-2013.

Medlemsmøte 2. mai 2012

Denne  dagen var 24 medlemar på utflukt. Vi tok turen til  Ragnhild og Bjarne Øye si hytte på Urke.

Ragnhild serverte nydeleg kjøtsuppe og flatbrød og vertinnene Jenny og Eli (Lannerholm) hadde

baka kake til kaffien.

Etter velkomsthelsing og diktlesing av Ragnhild, song vi «No livnar det i lundar»

Der var nydelege dekka bord med kvitveis og tulipanar og der var plass til alle. Nokre sat inne i hytta og andre ute på terrassen med varmeomnar og pledd. Triveleg!!

President Kari informerte litt frå Convention m.a er det no opna for at medlemar til IW kan vervast fritt utan direkte tilknytning til Rotary. Ho sa også at neste Convention blir i København.

Jenny har printa ut boka om «Svalene 50 år» frå nettet. Denne kan lånast ut til medlemane. Det er ISO som administrerer utleiga. Takk til Jenny for jobben!!

91 år gamle Ingrid kunne fortelje at ho var kasserar i klubben i 1964 og då blei det sendt støtte til Svalene. Dermed har altså Ørsta klubben støtta Svalene mest heile tida.

Ragnhild (Høydalsvik) hadde eit tankevekkande 3 min som ho avlsutta med å vise eit bilde med

teksten:» Fyll dagen med liv, ikkje livet med dagar»

Ragna(Riise) og Bjarne fortalde og mimra litt om turismen på Øye og Hjørundfjorden i «gamle dagar».Det kunne vere opp til 70-100 hestar som tok turistane med gjennom Nordangsdalen frå dei mange turistskipa som vitja fjorden. Frå skipa blei det også kasta ting som folk langs fjprden plukka opp.

Loddsalet gjekk kjapt unna, og så var det gruppebilde av blide damer i vakker natur.

Tida går fort i godt lag, og det høyrdest på latter og prat at folk kosa seg.

President Kari takka vertskapet Ragnhild og Bjarne for alt dei hadde gjort for at vi skulle få ein så

hyggeleg kveld.

Vår kjære sjåfør Steinar blei sjølvsagt også takka for at han så velvilleg stiller opp.

Pres. Kari minte så om vårfesten på Rjånes den 12 juni 2012 kl. 19.00 saman med Rotary.

Medlemane tek med mat på fat, kanne med kaffi eller the,gevinst, kopp/asjett/teskei og loddpengar.

Vi fekk tid til å synge eit par songar til, før vi måtte bryte opp for å rekke ferga.

Praten gjekk fortsatt livleg då vi i 23-tida var tilbake i Ørsta og kunne takke kvarandre for ein triveleg og vellukka hyttetur.

Eli Berit Strande

–        sekr –

____________________________________________________________________________

Medlemsmøte 11 april 2012.

Vi var 17 medlemar samla til møte for å høyre vår nye rådmann Wenche Solheim.

Til tross for influensa, stilte ho opp og delte tankar med oss som ho har for stillinga som ho gjekk inn i den 11 juni 2011. Ho er utdanna sosionom og har ein master i leiing.

Den beste skulen har ho likevel fått ved å verte leia av gode leiarar.

Ho fortalde at det er mange utfordringar i Ørsta kommune. Det tek tid å endre ein stor organisasjon.

( 700 årsverk/ 1000 tilsette ). Planlegging – nybygg – sjukmeldingsreduksjon – tilsynsbesøk – halde

på ungdomane i bygda  etc og ikkje minst få kontroll på økonomien.

I 2004 var der «sparepengar» på ca 30 mill, men no er der heilt tomt. Korleis auke inntektene og redusere utgiftene?

Formannskapet er som eit styre i ei bedrft, men her er mest alltid pressa tilstades.

Ho fortalde også at dei slit med IKT p.g.a ulike system som ikkje «snakkar» med kvarandre.

Rådmannen har mange tankar om leiarskap i organisasjonen og meinar at dyktige trygge leiarar gjev trygge, fornøgde og gode medarbeidarar som både blir sett og høyrt.

Forandring fører ikkje alltid til forbedring, men ved ei forbedring så må noko endrast.

Ho informerte om sparetiltak som t.d nedlegging av skular, om bustadfelt i utkantane, om matombringing frå eit  storkjøkken osv . I dette låg det mykje «sprengstoff» som medlemane gjerne ville diskutere. Ho svarte på ein del spørsmål, men vi kunne gjerne brukt enda lenger tid til diskusjon og det er sant som ho sa at kommunen det er «vi» og ikkje»dei».

President Kari overrekte rose som takk for eit interessant foredrag.

Vertinnene Kirsti og Solrunn, serverte nydelege vafler til kaffien, og på  loddsalet kom det inn kr. 850.-

Sekretær Eli Berit orienterte litt om blåboka og retningslinjer for kva som skal stå i adresseregisteret for medlemane.

Vårturen  2 mai, går til  Ragnhild si hytte på Urke. Påmeldingsskjema blei sendt rundt og sekretæren tek kontakt  og orienterar dei som ikkje var på møte.

ISO Berit takka for rosesalet som resulterte i 12246.- kr som blir sedt til utdanning av narkotikahund. 600 roser blei selde.

Ho las brev frå vennskapsklubbane Stege i Dannmark og Ljungby i Sverge.

Ho refererte også til månadsbrev frå Diso Turid som minte om orda frå Hæssels bok: «stopp likgyldigheten, vær engasjert»

President Kari fortalde så frå distriktsårsmøte i Bodø der ho og visepres. Sigrun deltok.

Eli Berit Strande

– sekr. –

Medlemsmøte 1. februar 2012.

Vi var 19 medlemar og 2 observatørar som møttest til årsmøte denne kvelden.
Vi hadde invitert Merete Flø ( frå Ørsta p.t Svalbard) til å fortelje om det ½ året ho var på Bjørnøya som metrologfullmektig.
Ho var på Bjørnøya frå 28 mai til 9 desember 2011. Dette var eit opphald som ho søkte på. Tilsaman var der 9 personar totalt på Bjørnøya.
Dette «vaktlaget» blir skifta ut kvar ½ år.
Bjørnøya som ligg mellom Svalbard og Norge, er 21/2 mil på det lengste. Heile øya er naturreservat. Det høgste fjellet er 535 m.o.h. Der er 700 vatn med mykje fisk i spesielt ishavsrøye. I havet er der mykje fisk og dei hadde ofte fersk torsk til middag.
Vaktlaget til Merete, var 6 menn og 3 kvinner derav 2 kokker.
Matserveringa på Bjørnøya er som på det flottaste hotell og det mangla ikkje på nokon ting.
Dei får forsyning via kystvaktskipet som kjem kvar 4-6 veke, og i periodar kan dette vere einaste «kontakta» med  omverda.
Om sommaren er der fleire som «stikk inn om», og der er etablert Bjørnøya nakenbadforrening som til no har 2800 medlemar. For å motta denne diplomen, må du ha bada naken i Barentshavet medan ein av motsatt kjønn ser på. Dette er eit populært tiltak.
Det er verobservasjon og rapportering som er arbeidet på Bjørnøya. Dei 9 som er der har hatt 1 vekes opplæring i Tromsø, og gått gjennom grundig legesjekk både fysisk og psykisk. Rabiesvaksnine er også obligatorisk.
Når det gjeld medisinsk hjelp, så er der forbindelse til sjukehuset i Longjerbyen, og det tek 1 ½ timie med helikopter til Bjørnøya. Der er dessutan eit stort medisinlager som dei kan bruke etter konsultasjon med lege i Longjerbyen.
Der er vaktordning med 3 dagar på og 3 dagar fri. I friperiodane blir det mykje friluftsliv og forholda er lagt svært godt til rettes for å drive med ulike fritidsaktivitetar.I vinterhalvåret må dei alltid gå med våpen for då kjem isbjørn med isen.

Løna er veldig god. Dei tener ei god årsløn på eit halvt år.

Frå president Kari fekk ho overrekt rose som takk for eit interessant foredrag i ord og bilde.

Etter matpausen med rundstykker,  var det lyssermoni og opptak av 2 nye medlemar:

Norunn Brekke og Liv Grete Romestrand Løken

Val til nytt styre vart leia av past president Ingun Natvik. Det gjekk greit unna og alle blei valde ved akklamasjon.

Styret 2012/2013 blir då:

President    :        Sigrun Myklebust.

Visepresident:      Jenny Godø Vatne.

Pastpresident:      Kari Juel Rogne .

Kasserer :            Kjellfrid Osdal

ISO :                    Berit Norunn Hatlestad.

Sekretær :            Eli Berit Strande

Styremedlem :      Eli Øvstegård Lannerholm

Revisor :              Marit Åsen

Kasserer Marit la fram rekneskapen revidert av Kjellfrid Osdal. Det var ingen merknadar. Frå neste gong er det bestemt at rekneskapet skal følgje klubbåret.

Ørsta/Volda ballettskule skal til Aberdeen på Internasjonal Youth Festival i august 2012. Klubben støtta styret sitt vedtak om å yte kr. 2000.-

3 min, var ved Eldrid Ose som reflekterte litt om dagsaktuelle tema som lavkarbo, smørkrise, «Dagmar» og glatte vegar og avslutta med  ønskje om ein god vår til alle.

President Kari hadde så diverse informasjon:

*Eldrefesten blir 13 mars kl 18.00. Husk bløtkake og ei kanne kaffi.

*Sigrun og Kari reiser til Bodø på Distriktsårsmøte i mars

*Kari Juel Rogne stiller som 2 visedistriktspresident.

*Molde IW er avslutta som klubb.

*Intercitymøte blir i Volda september 2012.

*Medlemsmøte i april blir 11 april 2012.

*Vi planlegg utflukt den 02.05.12

*Sommaravslutning på Rjåneset blir den 12 juni 2012

ISO Berit informerte om Madagaskarprosjektet som no er avslutta men som har gitt høgare utdanning til mange tusen born.

Vaktliste for rosesalget den 24 mars 2012 blei delt ut. Vi skal selge 600 roser.

Styret møter 23 mars hjå Berit for å klargjere rosene.

Kasserer Marit las frå Svalene og informerte om at det er utgitt jubileumsbok men den er berre på nettet. www.svalene.no

Styret prøver å få til ein papirversjon av boka.

Ein innhaldsrik kveld blei avslutta med songen: « De nære ting»

Fellesmøte mellom Ørsta IW og Volda IW 11.01.

Møtestad: Bakk Ola Marka, Ørsta

Det var Volda IW som stod for arrangementet dette året. ISO i Volda Sissel Andersen

ønskte velkomen og informerte litt om bygget Bakk Ola marka der ho har jobba i 9 år. Ho og 4 andre er tilsette i Furene arbeidstrening, men arbeidstaden er dette bygget der dei tek imot folk som er inne til diverse arbeidstreningstiltak.

Ordninga er i samarbeid med Nav.

Aktivitets-senteret er ope kvar dag frå kl. 10.00 – 15.00.

Her er då aktivitetar som bingo, seniordans, fotpleie, frisør, andakt , kafèdrift , m.m.

Lokalet blir også utleigd til private arrangement og til lag og organisasjonar.

Her blir også kontroll av høyreapp.

Det blir også laga ting til utlodning og inntekta går til oppgraderingstiltak på huset.

Vi song venskapsvise med ISO i Ørsta Berit Hatlestad ved pianoet.

Hovudgjest var Merete Heggedal Longvastøl frå Naustdal i Sunnfjord, men p.t lærar i Volda.

Ho fortalde om sitt forhold til ein barneheim i Bolivia, der ho er «tante» til 100 born.

Engasjementet starta med eit besøk i 2006 som varte i 4 mnd. Sidan har ho vore der 2 gongar. Barneheimen heiter: «Hogar Shalom es mi casa» og tyder Fred.

Grunnleggaren av denne private barneheimen, er ein universitetslektor som heiter Anna. Ein dag såg ho ein gut som hadde heimen sin på gata og sov med noko plast over seg. Dette synet følgde henne gjennom natta, så om morgonen gjekk ho med mat til guten. Etter kvart kom fleire til og ho hadde til slutt 10 stk som ho gav mat og etter kvart tok inn i heimen sin. (1997)

Dette var forløparen til barneheimen som i dag har plass til 100 born. Dei er fordelte med 12 born og 2 foreldre i kvar boeining.

Her får borna bu til dei har fått seg ei utdanning. Barneheimen blir driven med støtte frå kristne vesentleg frå USA. Borna blir plukka ut av barnevernet.

Merete hadde fleire rystande historier å fortelje om kva desse borna hadde opplevd før dei fekk kome på barneheimen.

Merete engasjerte seg i ball leik for dei og har starta vollyballtrening for dei og har sendt både ballar og drakter dit med støtte frå idrettslag i heimbygd.

Privat støttar ho og familien barneheimen med div. tiltak.

Til sommaren reiser ho ein tur tilbake.

Inntekta av loddsalet denne kvelden gjekk sjølvsagt til barneheimen i Bolivia. Det kom inn kr. 4400.-

Eli Halsen Ørsta IW, hadde eit flott 3 min innslag med fokus på det gode liv.

Det ein sender ut får ein tilbake. Ho avslutta med å seie: « Fortsett med å gjere

det som gjer livet ditt godt å leve»

ISO Berit Hatlestad las helsingar frå vennskapsklubbane Ljungby (Sverige) og Stege(Dannmark)

Til slutt hadde presidentane for klubbane : Kari Juel Rogne Ørsta IW og

Åshild Longvastøl Volda IW, innlegg med diverse opplysningar og takka for ein triveleg kveld i lag.
Halvårsrapport hausten 2011 
Vi har hatt 4 møter dette haustsemesteret og frammøte har vore mellom 15 og 19 medlemar, som tilsvarar ca. 58%. I tillegg har to observatørar delteke på to møter .

Møta har vi hatt i vårt faste lokale i Nordea banken .

 Vi har hatt foredrag av tidlegare flyktningkonsulent Birgitte Sætre. Ho fortalde om arbeidet sitt i kommunen og om dei utfordringane ho hadde møtt i forhold til « våre nye landsmenn».

 Klubben fekk tilsendt «Forslag til handlingsplan for økt aktivitet D 27 2012-2016

Del 2 Mål og tiltak» til uttale. Planen blei drøfta på klubbmøte og resultatet blei vidaresendt til distriktspresidenten.

 I august hadde vi besøk frå vennskapsklubben vår i Ljungby i Sverige. Vi var vertar for 10 gjester og hadde ei svært triveleg helg i Ørsta og omegn. Blandt gjestene var det 4 Rotaryanarar. Mange frå Ørsta Rotaryklubb stilte opp og gjorde mykje til at besøket vart så vellukka. Vi var ca 40 stk. samla på dei fleste arrangementa.

På første møtet hadde vi evaluering av besøket, og vi kunne konkludere med at det hadde vore med og berika klubben, og at nye vennskapsband var knytta.

 25 september var 6 stk frå Ørsta I.W på Intercity møte i Ulsteinvik. Distriktspresident Ingebjørg Ivarrud var tilstades der.

 Iso Berit Hatlestad har delteke på ISO/ DISO treffet i Stjørdal 17 og 18 september.

Vidare har ho på kvart møte hatt informative innlegg der ho har fortalt om diverse program og prosjekt som er på gang.

 «3min» og loddsalg har vi hatt på kvart møte, og elles opna for diverse spontane innlegg frå medlemane. M.a hadde 91 år gamle Ingrid Hovden teke med ei lærebok frå 1863 som ho las litt frå under tittelen:»Forberedelse til renlesning»

 Den 7 september døydde vår mangeårige medlem Lillian Hagen. Frå Ørsta I.W la president Kari Juel Rogne bårebukett på kista ved gravferda den16 september. Mange av medlemane var med i kyrkja og på minnestunda på Bedehuset etterpå.

 Solrun Sætre var på Landstreff i Halden i august og gav oss eit inspirerande referat derifrå.

 Ørsta IW klubb var 55 år den 10 oktober. Vi feira oss sjølve med attersyn som Liv Rørnes hadde. Ho har vore medlem sidan 1959 altså i 52 av 55år. Pres. Kari las helsingar frå andre klubbar og det blei ekstra servering og tid til «mimre-prat».

 Julemøtet hadde vi saman med Rotary på Rekkedal Gjestehus den 13 desember.

Det var både vellukka og kjekt og etter kvart er dette vorte ein god tradisjon.

 Etter sommaravslutninga på Rjånes, blei det sendt kr. 4000.- til Svalene.

 Dei to observatørane som har delteke på fleire møte, har gitt uttrykk for at dei ønskjer å bli tekne opp som medlemar. Dette blir nok gjort i starten på nytt semester.

 Dei som har hatt «runde dagar» har fått blomster (orkide`) frå klubben.

 Styret har fungert godt, og president Kari Juel Rogne har vore ein trygg og sikker «skipper på skuta»

 Styret ønskjer alle medlemane i Ørsta Inner Wheel klubb eit godt nytt år med mange fine opplevingar og eit godt fellesskap.

 Ørsta den 8 januar 2012

                                                                                                                                                                                                                                         Fellesmøtet m/ Volda IW blir 11. januar 2012 kl. 19.30 på Bakk-Ola marka , Ørsta.

« 3min.» var ved Sigrid Hovden. Ho las dikt frå boka Konkyliens sang av Oddbjørg Husøy.

Det blei sendt rundt påmeldingsliste til julemøtet på Rekkedal Gjestegard den 13.12.11.Dei som ikkje var på møtet, vil bli kontakta av sekretæren.

«Forslag til handlingsplan for økt aktivitet i D 27 2012-2016 Del 2 Mål og tiltak» er sendt til klubben til uttale. Visepresidenten delte ut ein kopi av denne planen til kvar, og ba medlemane om å lese gjennom spesielt mål og tiltak og kome med innspel. Styret skal så samanfatte dette, og sende uttalen til ditriktspresidenten. Etter ein del «summing» var det eit «lyst hode», Jenny, som skar gjennom og gjekk på  dei foreslåtte tiltaka: einig/ ikkje einig. Forslaget blei einstemmig vedteke med nokre kommentarar til. Styret skal samanfatte dette . Planen skal drøftast på Didtriktsårsmøte i Bodø i mars 2012.

91 år gamle Ingrid Hovden hadde teke med seg ei lærebok frå 1863 med tittelen; «Forberedelse til renlesning» . Ho las nokre avsnitt frå den boka og fortalde litt om tida med omgangsskule i heimane.

Vertinnene Ingun Natvik og Kjellfrid Osdal hadde sytt for god mat og kaffi. Åresalget gjekk greitt unna, og nokre songar blei det også tid til innimellom.                                               Alt i alt ein triveleg Inner Wheel kveld.

Eli Berit Strande  – sekretær

Medlemsmøte den 5/10-11.

Nitten medlemar var samla for å feire at vi som klubb er 55 år (10/10-11).President  Kari Juel Rogne leia møtet og las helsing frå Volda IW-klubb.

Møtet blei opna med minneord og 1 min. stillhet for å heidre minne etter Lillian Hagen som døydde den 7/9-11. Frå  Ørsta I.W -klubb, la presidenten bårebukett på kista ved gravferda 16/9-11.

Liv Rørnes har vore medlem i klubben sidan 1959, altså i 52 av 55 år. Ho hadde eit historisk attersyn frå tida i Ørsta I.W-klubb. Det var Asbjørg Djuvstein som var den første presidenten. Bergen IW-klubb er fadderklubb. Dei første åra var møta rundt om i heimane til medlemane. Først i 1970 åra blei vi tilhøyrande distrikt 27. Klubbsaker og praktiske oppgåver har prega klubben.

ISO Berit refererte frå ISO/DISO-treff i Stjørdal den 17-18/sept.-11. Av distriktet sine 13 klubbar, var berre 8 representerte. Riso kom heller ikkje.

Det blei  informert om prosjekt som er på gang både nasjonale ( t.d narkotikahund, fistula 2, handicamp) og internasjonale ( m.a at unicef programmet vert avslutta )

På treffet var der innlegg ved Berit Johanne Hoås om prostitusjon og menneskehandel.

Det var ulike erfaringar med venskapsklubbar. Det blei vist til at det også går an å ha venskapsklubb med andre klubbar i Noreg.

Neste ISO/DISO-treff blir på Gardermoen.

Seks medlemmer frå Ørsta IW var på Intercity møte i Ulsteinvik. Distriktspresident Ingebjørg Ivarrud  var tilstdes der.

3min. var ved Eli Lannerholm. Ho fortalde om den boka ho ville teke med seg til ei aude øy, nemleg romanen av den russiske forfattaren Dostojevskij. Boka heiter «Brødrene Karamazou» og omhandlar holdningar og verdiar som styrer oss menneske.

President Kari tok opp spørsmålet om evt. lesesirkel, men dette kjem ein evt. tilbake til seinare.

Solrun Sætre er heimesideredaktør og ho fortalde litt om arbeidet med den og oppmoda alle til å sende inn stoff og bilde.

Julemøtet blir på Rekkedal Gjestehus saman med Ørsta Rotary den 13.12.

IW-bladet kjem ut den 30 okt-11 Vi har sendt inn refr. og bilde frå Ljungby besøket.

Vi fekk god tid til ein hyggeleg prat og ekstra lang matpause der vi fekk servert både rundstykke og nydelege kaker.

Alt i alt ein triveleg kveld med feiring av oss sjølve som klubb.

Eli Berit Strande

sekr.

Medlemsmøte 7/9-11

Vi var 20 medlemmer, inkludert 2 observatørar, som var samla til første møtet i haustsemesteretPresident Kari losa oss dyktig gjennom det ho kalla eit arbeids- og informasjonsmøte. Besøket frå Ljungby, vår venskapsklubb, blei gjennomgått med eit tilbakeblikk. Vi var einige i at det var «vel blåst», kjekt og økonomisk i god balanse. Vi har hatt besøk av ein utruleg flott gjeng som har berika oss alle.

Eli Berit Strande hadde 3 minutt, og ho las opp takketalen som president i Ljungby IW, Iris Steiner, heldt på Folkehøgskulen. ISO Berit Hatlestad las takkebrev frå gjestene. Ørsta vgs sponsa oss med minibuss og Steinar Hatlestad var gratis sjåfør, så vi er veldig takksame for den store støtta.

Det var omtala på møtet at vår kjære Lillian Hagen var alvorleg sjuk.

President Kari Juel Rogne refererte brev frå D-president Ingebjørg Ivarrud. Ho blir med på intercity-møtet i Ulsteinvik 25.september. Påmelding til dette skal skje til Doris Høybakk innan 15.september. Møtet startar kl.13.00. Kr 300,- skal betalast inn på konto 4137.07.16143 på førehand. ISO Berit Hatlestad reiser på ISO/DISO-treff i Stjørdal 17.-18.sept.

Matservering på møta. Pres Kari stadfesta den ordninga som no gjeld: Vertinnene held og kokar kaffi/te, ordnar med gevinst, dekker bord, tek med lys og serviettar og har ei enkel servering med kringle/skuffekake eller rundstykke med ost. Alle kan lage flott mat, men ingen skal overskride dette. Matpengar kr. 50.-, blir kravd inn saman med kontingenten .Vertinnene hentar nøkkel til lokalet i banken tidlegare same dag.

Past distr pres Britt Indresøvde utarbeidde eit spørjeskjema om IW kva no og i framtida? Dette blei diskutert på klubbnivå og på distriktsårsmøte. Noverande distr pres har jobba vidare med dette som skal munne ut i ein visjon for klubbane. Del 1 er sendt klubbane til info og gjennomgang og del 2 blir sendt ut i løpet av hausten.

På møtet blei det «summing» og gjennomgang av dette utkastet. Mange av medlemene gav utrykk for at IW har betydd mykje for dei og at dei trivst godt i klubben som er både variert i innhald og triveleg.

Vi var samde om at samandraget på utkastet virka noko negativt og at klubben blir ikkje betre enn du gjer han til sjølv. Trivst vi, vil det ha smitteeffekt på alle medlemane i klubben.

Det var styret som var vertinner for kvelden og Åshild hadde baka nydeleg kringle.

Eli Berit Strande

sekretær

Besøket frå venskapsklubben Ljungby i Sverige, var i dagane 19-22 august

Dette vart ei svært triveleg helg både for dei 10 gjestene( 6 damer og 4 menn), og for oss som var vertskap.

Steinar gjorde ein fantastisk jobb som sjåfør i minibuss heile helga !!!!

Laurdag starta vi omvisning i Ørsta kyrkje.Kyrkjetenar Aslak Solbjørg orienterte.

Turen gikk så vidare til Aasentunet .Der såg vi filmen som er laga om Ivar Aasen og fekk orientering om viktige hendingaar i livet hans.

Etter tur gjennom verdas djupaste tunell, hadde vi stopp i Fosnavåg og åt nydeleg fiskesuppe på Fosnavåg brygge. Det blei litt tid til rusling og butikk, før vi reiste vidare til Runde.Eit blikkstilt hav i solskin møtte oss der.

 Om kvelden samlast vi ca 40 personar på Ørsta vidaregåande skule. Her var det kåseri av Anders Roald og song av Einar og Sæbjørn.

Maten var eit innhaldsrikt koldtbord med dessert og kaffi etterpå. Livleg prat viste at stemninga var på topp.

 Søndag kom med nydeleg ver og kl. 10.00 var vi på hjul til Sæbø, Nilsbuda, Taklogalleriet og Riisetunmodellen.

På Union hotell på Øye fekk vi vandre rundt, og vi let oss alle begeistre over det fine vi såg.Vi fekk servert kaffi med nydeleg eplekake,is og vaniljesaus til.

Hotellsjef Marianne Øye orienterte om hotellet og historia bak, og tilslutt song ho til oss med ei flott operastemme. Ei allsidig dame som trivst i jobben sin.

 Gjennom Norangsdalen blei det fleire stopp både for å sjå og for å forevige inntrykka gjennom kamera. Bjarne var guide på denne turen som enda på hytta som han og Ragnhild har på Urke. Her var det « strøkent» og koseleg både inne og ute.

Mykje arbeid var nok lagt ned for å få til eit langbord til 34 personar. I tillegg hadde Bjarne sett opp party-telt over langbordet.

Ragnhild serverte rømmegraut og spekemat, noko gjestene ikkje hadde ete før , men alle var like begeistra over den gode grauten.

Eli Berit las eit par dikt om fjorden og dei fjella som omkransar staden.

 På tilbaketuren køyrde vi om «Riisetrappa», og Ragna fortalde om rasulukka i 1968.

 Søndag kveld samlast ca 40 personar til gryterett , kaffi og stort kakebord på Folkehøgskulen. Sigrid Terøy Finnes song to songar og elles var det både svensk og norske allsongar. Gjestene våre laga kor og framførte ein song. Iris heldt tale om opphaldet , der ho tok utgangspunkt i alfabetet. Vi hadde lyssermoni og takke-/avskjedstaler. Berit takka spes . ISO Karin for god korresbondanse før dette besøket.Klubben fekk pengegåve ( kr. 1000.-) frå gjestene.

Mandag morgon var nokre frå IW til frukost saman med gjestene før vi vinka dei farvel og takka for eit svært hyggeleg besøk. Ordet vennskap passa for alt vi fekk oppleve saman desse dagane.

 Ei varm takk til alle som bidrog til at dette blei så vellukka og ikkje minst til president Kari som losa oss trygt og godt gjennom heile helga.!