Stord Inner Wheel klubb

Norsk klubb nr 0023
Charterdag : 01.mai 1961
Møtedag : 1. onsdag i månaden kl 19.30
Møtestad: Maritimt museum på Leirvik kai
Fadderklubb: Haugesund
Medlemmer: 29

Styret 2011-2012

  • President Hanna Kristine Van Veen
  • Past president Borghild Aase Nitter
  • Visepresident Kirsten Rommetveit
  • Sekretær Bolette Lindeflaten
  • Kasserer Agnes Myhre
  • ISO Brit Sæbjørnsen
  • Styremedlem Norunn Svarstad
  • Styremedlem Bodhild Sætrevik

Stord Inner Wheel klubb er fyller 50 år 1. mai dette året. Vi skal feire det på Stord Hotell lørdag 30. april, og det gleder vi oss til.

    Me har 10 møter i året med ferie i juli og august. Me opnar møta våre med ein Inner Wheel song. Me har foredrag av eksterne foredragshaldarar eller av eigne klubbmedlemmer. Deretter har me lagssaker, 3 min, innslag frå Iso og loddsal. Me avsluttar som me starta, ein song frå heftet vårt.

    Klubben vår er delt inn i grupper. Kvar gruppe har ansvar for program, mat, 3 min., referat frå møtet og eit lite loddsal. Gruppene har ansvar for to møter i året.

    Referat frå Inter City møte på Stord 9.januar 2010.

    President Borghild Nitter yngste 56 Inner Wheel damer vel møt. Dei kom frå alle klubbane i vårt nærområde, Karmøy Vest, Kopervik, Haugesund og Kvinnherad.

    I tillegg var vår eigen klubb mest fulltallig.

    Møtet vart opna med lysseremoni. Deretter fekk me oppleva dans frå Vest Afrika. Det er ei internasjonal dansegruppe under leiing av Solveig Andersen.

    Etter eit godt måltid og livleg drøs kring borda, vart ordet gjeve til Gerda Rongevær. Ho fortalde og viste bilder frå barneheimen Toro Babies Home som ho er med og driv i Uganga. Barneheimen starta opp i 1970 og vert driven på vegne av Ugandisk barnevern. Rongevær sitt mål var å styrka drifta, gje ungane tre måltid kvar dag og framfor alt ”snille hender”. Barneheimen ho tok over var i ferd med å bli lagt ned. Ho kom til ein sliten og trøytt befolkning.

    Pengar til drift av heimen blir sendt frå Norge kvar månad. Men det er likevel mange tunge tak og ein må vera kreativ for å få drifta til å gå rundt.

    Ærnæring og læring høyrer saman. Heimen dyrkar derfor næringrik mat for eksempel kål og rotfrukter.

    På møtet hadde vi utlodding og det kom inn kr 6.700,- som vart gjeve til Toro Babies Home v/Gerda Rongevær. Det var mange som ynskte å hjelpa, og ein kan vera viss på at pengane kjem til god nytte. Ho hadde også bruk for sjukehusutstyr som for eksempel kuvøser.

    Etter eit tankevekkjande foredrag og loddsal takka klubbane for seg med ei gåve til Stordklubben.

    President Borghild takka for frammøte, me song ”Song til Storden” og yngste alle vel heim.

    Bolette Lindeflaten

    ref.

    Legg inn en kommentar