Søk

2022-09-07 Referat frå møte i Ørsta IW

Referat frå medlemsmøtet 7.september

Trass i at det var ein del avmeldingar til dette første møtet, var vi likevel 11 medlemmer som møtte på Kunsthuset.

Etter allsong las president Solrun Sætre eit dikt av Hans Børli: «Dette er lykke». Deretter hadde vi ein runde om kvar vi ynskjer å ha møta våre frametter. «Fru Svendsen» hadde gitt oss eit godt tilbod, der servering inngår i prisen, og det var einstemmig om at vi skal takke ja til det tilbodet.

Hovudposten denne kvelden var Røde Kors og deira arbeid. Vi hadde besøk av to av eldsjelene i foreininga, Kjell Bjarne Eikebø og Gerd Eidheim. Lokalforeininga vart stifta i 1941. I 2000 fekk dei eige hus i samarbeid med Scana Prima. Her har dei store og funksjonelle lokale, og huset vert flittig brukt.           Hjelpekorpset har 48 medlemmer med godkjende kurs, og dei har vore på mange oppdrag og leiteaksjonar, både i nærmiljøet og når det trengst ekstra mannskap andre stader.

Avdelinga Omsorg (tidlegare kalla besøkstenesta) har 20 aktive medlemmer. Dei utfører heimebesøk, reiser til institusjonane og opptrer med korsong og allsong, og har samtalar med dei som har behov for det. Og elles har dei andre arrangement på institusjonane i bygda. Og det vert arrangert dagsturar med buss for pensjonistar.Som ein del av inntekta har dei haust-loddsal, og då finn vi dei rundt om på kjøpesentra, og dei er årvisst ute med adventskalendarar. Dei har «gratisbutikk», der ein kan levere inn avlagde leiker og anna, som kan kome trengande til gode.På onsdagar har dei aktivitetsdag på Kosekroken kafè, med trim, kaffekos og vaflar. I samarbeid med kommunen arrangerer dei onsdagstreff for ukrainske flyktningar. Det vert søkt om midlar til denne gruppa.  Saman med dei andre foreiningane i regionen vert det arrangert ferietilbod til born/familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Det er kommunane og NAV som søkjer. Det har vore ca 80 personar, inkl. leiarar, med på desse  ferieturane. Og dei har mange fritidstilbod, som kano, fisking, kunst-og handverks-aktivitar, pizzabaking på steinomn mm. Røde Kors i Ørsta mottok eit fritidsfond etter Magne Haugen. Pengane skal gå til born og unge som er i ein vanskeleg situasjon. Dei set av ein viss sum per år, og dei har mellom anna sponsa syklar til Ørsta Ungdomsskule, barnetrekket på Bondalseidet, og dei har støtta med gratisbillettar til vanskelegstilte. Dei har kjøpt motor til ein båt på Raudøya, slik at det vert lettare for elevane på Liadal å kome seg til og frå øya.Ein vert audmjuke av å høyre om så mykje arbeid som vert lagt ned, utan at nokon i foreininga har noko form for inntekt . Mange av bygda sine eldsjeler stiller opp med mange dugnadstimar, og dei gjer det med glede!

 

Etter matøkta fekk dei avtroppande styremedlemmene takk for innsatsen og ei rose. Presidenten las månadsbrev frå D-presidenten, og avtroppande ISO Turid Karlsbakk las brev frå venskapsklubben vår i Danmark.

Vidare diskuterte vi praktiske saker rundt IC-møtet som vi skal ha 22.oktober.

På spørsmål om vi skal halde fram med å ha juleavslutning saman med Rotary rundt juleavslutninga, var dei fleste samde om at vi heller vil ha ei avslutning åleine.

Vi avslutta møtet med «Venskapsvise»

Solrun – referent

Hvis du fortsetter å bruke siden, godtar du vår personvernserklæring og bruk av cookies. mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close