Volda IW – vil gi noko tilbake til lokalsamfunnet

Volda Inner Wheel Klubb med moteframsyning på Porse:

Vil gi noko tilbake til lokalsamfunnet

Damer i fjonge antrekk frå lokale butikkar gir pengar til 70-års jubilanten Volda skulekorps.

To gongar i året arrangerer Volda Inner Wheel Klubb moteframsyning til inntekt for eit lokalt formål. Denne gongen gjekk pengane til Volda skulekorps som feirar 70 år i 2024. I år kunne dei som hadde trassa halloween og ekstremvêret Jakob sjå flotte og funksjonelle klede frå «PeBe-klær» og «Scin Tonic Kle». Pluss sko frå «Sko Olsen» og vesker frå «Lødemel bøker & interiør » og «Scin Tonic Kle». Konferansier var Kirsti Øy Driveklepp, og bak pianoet sat Berit Hatlestad. Begge passa perfekt til dei jobbane dei var sett til. Modellane var medlemmar i Volda Inner Wheel Klubb og damer frå Hornindal.


Modellar frå Volda Inner Wheel Klubb.

 Sissel Andersen og Anna Lisa Sandholt 

Gode formål
Presidenten for arrangørklubben er Inger Anette Bjørneset. Ho fortel at dei har hatt slike moteframsyningar i om lag sju år.
– Kva er formålet med dette?
– Vi ønskjer å gi tilbake til lokalsamfunnet ved å støtte næringslivet og gi overskotet av arrangementet til eit godt lokalt føremål, seier ho.

Korleis kjem de fram til kven som skal få pengar?
– Vi får innspel frå medlemmane og så avgjer vi i styret kven som skal få midlane. I år passa det å gi ei gåve til Volda skulekorps då dei er 70 år i år. Vi veit også at dei manglar uniformer. Men kva dei skal bruke pengane til bestemmer dei sjølve, seier presidenten. Ho legg til at dei også støttar nasjonale og internasjonale prosjekt. Dei sel mellom anna gule roser som går til narkotikahundar.

Les mer her: