Novembermøtet i Brattvåg Inner Wheel 11.11.25
Brattvåg fyller dag 11.11. og klubben feira dagen i huset der dei første innbyggarane, Anna og Iver Skjelten, budde.

Det var Ingunn (3minutt) og Ingrid, barnebarnet til Anna og Iver som fortalte om starten på Brattvåg si 114 år gamle historie. Det vart spelt av eit lydopptak frå NRK i høve 60-års jubileet. I opptaket fortalde Anna om då ho kom roande frå Hildre med alt dei åtte. Dei hadde med eldstejenta Helga og dei visste ikkje at dei skulle få 11 born til.
I høve gebursdagen feira vi sjølvsagt med kake.
Det var ein kjekk kveld i dei lune stovene og vi hadde ikkje hastverk med å bryte opp.