Søk

Julehelsing til IW klubbane i distrikt 27

 

Julehelsing til IW klubbane i distrikt 27.

Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad.

I år har vi i Volda IW gleda «Øyralangs» og «Gnisten» med kr 10.000 til kvar.

«Øyralangs» har brukt pengane til meir lys lang Øyraelva. Eit stort arrangement i oktober til stor glede for Volda og bygdene rundt. Ei vandring langs elva med masse lys og underhaldning.

«Gnisten» er eit lågterskeltilbod for folk over 18 år som har eller har hatt psykiske problem. Dei held til i den gamle prestegarden i Volda. No gler dei seg til å bruke pengane til noko kjekt for heile gruppa.

Pengane fekk vi inn på Motevisninga vi arrangerte i byrjinga av oktober.

I Volda IW gler vi oss no til julemøte 7.november. Der skal vi ma ta opp eit nytt medlem. I tillegg kjem det og to observatørar.

Tid for å ynskje dykk alle ei gledeleg jul og eit håp om eit fredfullt godt nytt år.

Beste helsing oss i Volda IW ved Aashild Longvastøl (president)

 

Hvis du fortsetter å bruke siden, godtar du vår personvernserklæring og bruk av cookies. mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close