Søk

Julemøte i Ørsta Inner Wheel

Referat frå julemøtet 07.12.22

 

Sjølv om vi berre var 11 medlemmer som møtte til juleavslutninga, vart det eit kjekt møte, med mykje julesongar, akkompagnert av vår trufaste Berit Hatlestad på piano. Vi kom til eit vakkert pynta julebord på Fru Svendsen, og serveringa og julematen var så absolutt upåklageleg.

President Solrun Sætre leia møtet, og vi hadde oppe nokre saker, mellom anna månadsbrev frå distriktspresidenten, helsing frå Svalene og frå Mariposa, og, ikkje minst, julehelsingar frå nesten alle dei andre klubbane i distriktet.

Mariposa feira 10 år dette året, og ynskjer å feire det saman med mellom anna IW, og vi hadde ein runde om korleis og kvar vi fann eigna lokale. Solrun skulle forhøyre seg om å få leige lokalet på Strømpeneset. Det har tilknytning til Vik Ørsta, tidlegare Ørsta Stålindustri, der Hildegunn Bjørdal og familien fekk arv som gjorde dei i stand til å starte opp prosjektet Mariposa. (Det let seg ikkje gjere å få leige der, så vi må sjå på andre lokalitetar)

Ddet internasjonale møtet 11.januar skal vi ha saman med Ulstein IW og Volda IW, i Ulsteinvik, og vi hadde påmelding til dette møtet.

Solrun minte om påmeldingsfristen til Landstreffet i juni neste år.

Elles vart det eit sosialt møte. Alle hadde med julegåver som vi la i ei korg, og så gjekk runden rundt bordet med opning av gåvene.

 

Vi avslutta møtet med den tradisjonelle julesongen «Deilig er jorden».

Hvis du fortsetter å bruke siden, godtar du vår personvernserklæring og bruk av cookies. mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close